fredag 30. november 2007

BiT- bjelke i trafikken - livsfarlig!

Matteus 7:1-5: Døm ikke, for at dere ikke skal bli dømt! 2 Etter dommen dere dømmer med, skal dere selv få dom, og i samme mål som dere selv måler opp med, skal det også måles opp til dere.3 Hvorfor ser du flisen i din brors øye, men bjelken i ditt eget øye legger du ikke merke til? 4 Eller hvordan kan du si til din bror: 'La meg ta flisen ut av øyet ditt', når det er en bjelke i ditt eget øye? 5 Din hykler! Ta først bjelken ut av ditt eget øye! Da vil du se klart nok til å ta flisen ut av din brors øye.

Flisa og bjelken handler om korleis andre sine feilgrep tar seg ut i våra auge. I mange tilfeller er det naturlig å unnskylde og bagatellisere egen synd, så forstørra vi andre sine feiltrinn. VI måla alle opp mot noken,irriterande egenskapar, gode eigenskapar. Eg sjølv er jo nesten perfekt, mens andre har masse feil. Slik tenkar mange. Korleis tenkar du? Har du prata stygt om nokon for så å sei, men der er ikkje for å baksnakke? Kva er det for då?
Vi dømma, og bedømma andre. Gud vil at vi skal bedømme det vi høyre, og det vi ser, sjå v 15, men ikkje være dømmande, det er Gud sin jobb. Vi skal innrette oss etter Guds ord i tru, la verden være verden.
Jesus meinar ikkje at vi må være reine i oss sjølv før vi kan veilede/minne han på ein feil/flis, for kven kan vel då veilede? Men ei forutsetning er at ein sjølv kjenne og erkjenna sine egne feil/bjelke. Det ville vel ha vore litt rart om ei ”fungerande” banktjuv hadde sagt til ein annan: skam deg for at du tok eit eple av naboen sitt epletre…got the point?
Korleis ser du på deg sjølv? Det er mange syn på kven du er - det du sjølv og andre veit om deg - den delen bare du kjenne til, - det folk rundt deg veit om deg, men som du ikkje er klar over at dei veit, det du sjølv ikkje er klar over - blindsone.
Blindsone
Eg googla ordet, og fant følgande:
«Dødens posisjon» heite det når ein personbil forsvinn heilt i lastebilens blindsone. Lastebilar som treff personbilar, treff som regel i fremdøra eller bakdøra. Da mister personbilen styringa fullstendig, og blir som en kastebil. Ulukkene skyldast ikkje nokre andre enn lastebilsjåførene sjølv.
- ”Dei har ikkje vist nok forsiktigheit. Mange ganger skulle eg ønske at personbilsjåførene var meir forsiktige. Dei veit ikkje hvor stor blindsone vi har.
- Blindsone unnskylder selvsagt ikke uforsvarlig kjøring”.
Uansett kordan vi kjøyre ein bil, vil det alltid være ei blindsone der som hindra oss i å sjå klart. Ditta her gjeld også liva våra, akkurat som bjelken som hindrar oss i å sjå klart.
Mange gonga har eg hørt at nokon har sagt ”jammen, jammen eg såg deg ikkje, eg såg fleire gongar, men eg kunne ikkje sjå deg. Ditta her er ei blindsone, du såg etter, men du kunne ikkje sjå, før det var for seint.
Dødenssone – nokre gongar kan vi bli så vant med det gale vi gjer at vi ikkje reknar det som gale legner, ditta kan bli vår dødsdom, ein gong skal Jesus dømme oss, og Han veit alt om oss. Blindsona- kva sider av oss sjølve har vi skjult for oss sjølve? Gransk deg sjølv!
Slik uforsvarlig kjøring/leving er svært skadelig, for det skadar liva våra og våra forhold til andre og til Gud. Synd er ikkje av Gud, det vil berre føre oss vekk frå Han.
Blindsone unnskylder sjølvsagt ikkje uforsvarlig kjøring – altså vi må prøve å unngå uforsvarlig leving, altså prøve å styre unna synd, for det drar oss vekk i frå Gud og av og til ut på bærtur. Derfor er tilgjeving for syndene så viktig! Lære deg å bekjenn, ta ut bjelken din!

Jesus gjekk blant folket, men dei kjente han ikkje, farisearane, dei skriftlærte, dei som studerte skrifta og las om Messias kunne ikkje sjå kven han var–Blindsone. Joh1:11:Han kom til sine egne, og hans egne tok ikkje i mot Ham. Tenk på dinna her blindsona som farisearane hadde for Jesus, tenk på kor mange menneske dei påvirka, til å følge deira syn, utan at dei såg klart sjølve. Dei fekk folket med seg og ropte korsfest!!

Det same gjeld mange prestar og kyrkjesamfunn. Det blir ikkje berre farleg for dei prestane og ledarane som har syn som strida i mot bibelen, Guds Ord, men også for alle andre som føl dei, menigheita.
Altså, ledaren er han som ledar veg, og folket sit på i same bilen. Dei er like utsatt for å kræsje sjølv om dei ”berre” sit på. Nokre ledara har faktisk talt fått så dårlig syn at dei ikkje kan kjøyre meir, utan kanskje å vite sjølv kor dårlig syn dei eigentlig har. Dess fleire folk som er med, dess fleire sete og dess større bil trengst det – og det resultera i ei større blindsone, som er farlig- folk ser ikkje kva dei går til. Det er så viktig at folk får vite sanninga – irettesetting.

Johannes 8 står det om ei dame som vart grepen i hor, etter lova skulle ho bli steina. Då førte dei ho fram for Jesus og sa kva ho var skyldig i, då svarte Jesus at den utav dei som var uten synd skulle få kaste den første steinen. Då gjekk dei alle vekk, ingen kasta stein. På dinne måten her gjorde Jesus dei klar over si eiga synd, den synda dei ikkje tenkte på.
Er du snart til å dømme andre? Kva er det du treng å få kasta lys på i livet ditt? Heile livet ditt, og alle dine gjerningar!
Ikkje vent med å sjå sikre tegn på at du helde på å kollidere – eller for å sei det slik – ikkje vent på at flisa skal vokse til ein bjelke, men gransk deg sjølv, og la andre og DHA gå i forbønn for deg, slik at du kan bli klar over dine blindsone og gjer noko med dei! Vi treng folk som talar sannheit inn i liva våra, ikkje folk som talar det vi vil høyre. Bruk bibelen, den er sannhet. Vi skal ikkje dømme andre, det er Gud sin jobb. Vi lever i verden, men er ikkje av verden, vi er av Gud! Amen!

Kebab


Etter nokre mnd med god (eller kanskje rettare sagt dårlig) planlegging var dagen komen for at eg skulle ete kebab for første gong i mitt liv! Hurra, kor eg gleda meg siden eg har hørt SÅ masse fint om det, MEN, ein må jo finne ut av ting sjølv og ikkje dømme før man har prøvd… men eg kan ikkje sei at inntrykket mitt vart så mykje betre når eg såg at kjøtet var hengt opp på ein krok over den varme steikeplata, uuuh, masse bakteria å sånne ting der…men kanskje det var dei som skulle sette ekstra spiss på maten?
Kebab house vart den utvalgte plassen, og dei var ikkje så verst faktisk...eg fekk god hjelp når eg skulle velge om eg ville ha ”ekte kebab” eller ”ekte rullekebab”. Kva i alleverdens daga skal det bety, kva er forskjellen? Nei, eg måtte spør etter hjelp. Nok ein gong følar eg for å ta med ein skildrande dialog:
Meg: ”Kva er forskjellen på dissa to typane?” eg drog fort armane mine vekk frå disken då eg følte at genseren hadde satt seg fast i den nesten nylakka benken, noko den hadde gjort…
Kebab mann: ” det er nesten ikke det samme”
Meg: ”åååå, jammen da tar eg ein rullekebab”.
Betre kunne eg ikkje ha svart sjølv, valget vart så mykje enklare…Så blei det til at eg tok ein rullekebab, så rulla eg (haha) vidare oppover mot ho Grete som skulle vær resten av dei 50% som skulle ete kebab. Det heile resulterte i eit koselig måltid, etterfølgt av song og fyr og flamma i peisen.

torsdag 29. november 2007

" Snøen" Poeten Marita (les poeten, ikkje poteten)


Snøen er hvit
på nynorsk: kvit,
snøflugga fyk hit
- og dit,
Snøen den dekker bakken
og den smeltar i nakken
nedover ryggen det renn
eg heiter Marita, ikkje Glenn

Håret blir vått
det gjeld og min sokk,
Håret det frys til is
i Kina et dei ris,
det gjer vi her og
men ikkje så masse dog
eg likar kake
pappa han har ei hake
det har faktisk alle
pappa heiter ikkje Kalle

dette er siste vers
no har eg vore til pers,
snøen den har smelta
har du julebaksten elta?
snart er det jul
snøen er kvit ikkje gul,
det er det eg håpar
at det ikkje er tissedråpar

onsdag 28. november 2007


Alt for masse å tenke på! Nokre gongar skulle eg berre ønske at eg var dinna ukastrerte hannkjønns katten min sånn at eg slapp å gå på skule, jobbe og ha eksamen! Tenk at eg for eit år sidan kjeda meg så når eg las til eksamen at eg faktisk skaffa meg katt!
Eg lurar på kva eg skal finne på i år, ein ponni kanskje?
I dag så har eg ikkje gjort noko særlig, ikkje resten av veka heller faktisk, sjølv om at  det var dinna veka her eg skulle skjerpe meg med alt som gjaldt skule og eksamen! Men i staden for å skrive oppgåver, så har eg heller brukt tida mi på å tenke på kor mykje eg har å gjere, oppgaver og eksamen, og brukt tida på å bli sliten i hodet... og i tillegg så er eg gått tom for melk...livet e trasig av og til! Menmen snart, veldig snart, faktisk alt for snart så er det eksamen, og etter det - då altså, då er det FERIE!!!

tysdag 27. november 2007

Dum som eit brød - eller?

Nokre gongar så kan eg rett og slett ikkje fatte og begripe korleis folk har funne på å finne opp ting, altså korleis dei kom på at den tingen treng vi, eller korleis dei i det heile tatt har greidd å finne ut korleis dei skulle gjennomføre planlegging og å få tingen til å bli verkeleg. Og så kjem den andre saka, å finne namn til produktet! For eksempel tenk for ein smart person som fant på å kalle ein stol for ein stol, når ordet stole er noko heilt anna, du veit ”å stole på”. Deg kan eg stole på, deg kan eg sitte på – tja det er vel ein viss likskap mellom setningane… Jaja merkelig, men kva om for eksempel termos hadde fått namnet saft, og saft hadde fått namnet fjell, kva ville då ein termos ha vore, og kva ville då eit fjell ha vore? Og no tildags så er det jo ikkje fleire namn å finne opp, trur eg, vil det sette ein stoppar for utviklinga av nye produkt, for ein kan jo ikkje ha ei vare utan eit namn…
Noko som eg er like fasinert over, og som er rett og slett ikkje kan begripe og fatte – er korleis nokon fant på å lage tv…og telefon, radio, mikrobølgeovn, bil, utnytte råvarer som olje, elektrisitet, lyspæra, ja eigentlig så er eg fasinert av alt – bortsett frå omo tabletten som er pakka inn i plast som løysar seg opp i vatn, idioti! Det eg er mest fasinert over er korleis folk fant på å lage brød, og andre ting som må miksast og blandast saman før det må steikast eller kokast før det kan nyttast. Tenk da kor lang tid det tok å reinske kornet før det vart mjøl, og kor lang tid det tok å få vatn til å fordampe før ein kunne nytte seg av saltet, gjæra – ja kven i alle dagar var det som fant på å framstille gjær ut av ei sopp – for så å putte den ned i blandinga av mjøl og vatn og få den til å heve seg? GENIALT!!!
Men tenk om personen ikkje var så genial som eg vil ha det til? Tenk om han bare var heilt ”lost” i hodet sitt….”Oj nei, no sølte eg vatn ned i mjølet til ho mor, eg må ta å røre om slik at det blir vekk…oj, nei det gjekk ikkje, eg kastar det på bålet slik at vatnet fordampar slik at eg kan koste opp mjølet igjen og legge det i krukka..å nei, då vil det jo komme masse aske med også, eg tek å legg krukka ned slik at det ser ut som nokon har kvelva den, og legg vatn blanda med mjøl på ein av dei steinane som er rundt bålet… ” Etter 40 minutt kom ho mor tilbake og fant mjølet som var blitt til eit brød. Kven veit?

fredag 23. november 2007

Vi snakker fredags pizza


Då fekk eg endelig bryna meg på mine blomsterferdigheiter igjen, og komt meg på jobb på blomstershappa! Ohh lenge sida mellom kvar gong eg er der, så det er alltid litt skummelt å skal begynne å lage buketta og div. framfor kundane, men det ordna no seg etterkvart:)
Etterjobb så skulle eg ta meg ein tur på Ålesund bedehus, men siden eg var 1 time forsinka så tørte eg ikkje gå inn, så da satt eg ute i gangen og fraus, for ned på Narvesen og reiv ned ein del koppar før eg greidde å søle masse kakao på dinna automaten der, men etterkvart som fingrane mine tinte kom det seg. Stakk opp på bedehuset igjen og etterkvart vart møtet ferdig.
Stakk opp ein tur til Grete etterpå og inviterte nokre venna, og laga pizza. Mmm good stuff! Vi snakka til langt på natt, og då var Grete så snill at ho lurte på om eg ville overnatte, og jaaa det ville eg. Ho hadde til og med ein tannkost som sto klar å venta på meg!!! Hurra for ei bra dame!

torsdag 22. november 2007

Brannvarslaren - igjen!!

Nei, at det går an!!
I dag når eg kom heim frå nattevakt og skulle få til å sove litt, så jammen meg begynte brannvarslaren å ringe igjen!!! Hjelpe meg, kordan er det mulig å få den til å ringe kl 08 på morgonen??
Eller eigentlig veit eg ikkje kva klokka var, for eg var framleis i sovemodus...
Eg låg å sov, som vanlig måtte eg trykke på mobilen for så å skjønne at det var brannvarslaren. Eg lurte på om eg skulle presse katten ned i ein sekk - før eg fant ut at eg berre skulle droppe heile katten og redde meg sjølv. Men så vart problemet igjen: dyne eller jakke, sko eller tøfla, låse døra eller ikkje? For å gjere historia kort, så kom eg meg heller ikkje dinna gongen ut av rommet før varslaren slutta å ringe...eg var ikkje i nærheten av døra eingogn, og siden rommet er ganske lite så skal eg fysisk sett være ganske nær døra heiletida....neste gong - da skal eg klare det!!

KiK- Kakao i kulden


Etter å ha hatt nattevakt på sjukehuset, var eg svært opplagt når eg gjekk frå jobben. Faktisk sånn at eg hadde lyst å sei at eg kunne jobbe for nokre av dei trøtte tryna som etter kvart dukka opp på vaktrommet, og drap den overtrøytte stemninga, men for all del – det var eigentlig ganske bra, for overtrøytte var vi alle 4 nattevaktene! Eg var så klar for ein ny dag at eg faktisk koste meg når eg skrapa av all isen på bilen, nesten sånn at eg vurderte å skrape av all frosen på alle vindauga…men det får no være måte på. Når eg etter kvart fekk parkert uttafor huset her så såg eg den nice Audien, da måtte eg jo sjølvsagt parkere ved sida av den! Så fant eg ut at sida eg var så våken så skulle eg ta å skrape av bilen, god morgon overraskelse liksom, men først skulle eg opp på hybelen og lage meg noko frukost til å ete ute, før eg gjekk inn å la meg igjen. Men når eg kom ned igjen så var bilen vekk…eg turte heller ikkje begi meg ut på å skrape på dei andre bilane då eg ikkje visste heilt kven som eigde dei…
Eg traska vidare bortover mot middelaldermusset og fant ein koselig plass nede i fjøra, der eg hadde sikt mot fjella, og i den retninga sola sto opp. Mens eg gjekk bort igjennom graset, knasa det lett under beina mine av alle dei stive grasstråa med kvite frost krystalla. Bølgane slo forsiktig mot steinane, mens det begynte å bli flo. Ein eller anna fugl kvitra (prøvde å kvitre) og fekk meg i godt humør (fordi det minte meg om blokkfløyte spelinga mi). Himmelen var nesten heilt skyfri, og den var lett orange farga av den begynnande sol oppstiginga. Den friske kalde lufta fekk kinna mine til å bli rødfarga, og nasa mi vart ildrød, men det gjorde ingenting. Ein vintermorgon ute i naturen er heilt toppers! Eg fekk pakka opp det naturtroe pleddet mitt med tigerstripa som glidde rett inn i det norske naturlivet, eg tømte kakao i koppen og såg kordan dampen av den vart feid vekk med den svake sjø lufta som kom svevande innover mot land, skivene med brunost var klare til å bli tygga og blanda med spytt, for så å bli elta litt i magesekken for så å passere vidare gjennom systemet. Etter kvart som tida gjekk, vart skiva hardare og hardare, og brunosten hadde tilslutt blitt frossen, sånn at det faktisk iste i tenna mine når eg åt den. Så for å unngå å sjå resten av soloppgangen pakka eg saman tinga mine og gjekk å la meg. For ein knall start på dagen…kjipt å måtte sove den vekk…

måndag 19. november 2007

Båndtvang



Nok eingong bli eg fasinert av skilt. Eg og Mirjam var på tur då vi såg ditta skiltet her. Har liksom ikkje tenkt over det før Mirjam sa det. På skiltet står det tydeleg både med ord og bilete at det er båndtvang, men posa er vel kanskje ikkje det mest solide å lage hundeband av? Kanskje til dei hundane som er så små at ein faktisk talt kan bære dei i ein brødpose, men kva med store sterke hundar som likar å skremme livet av folk når dei går kveldstur? Då vil i alle fall ikkje eg, av nylig erfaring, sette mi lit til band som er laga av posa…det e no ikkje rart at det er så mange hunda som spring laust i skauen når skiltet oppfordra folk til å lage pose-band! Den beste løysinga måtte vel i sofall vore å klipt hull til hovudet og beina i ein søppelsekk og snørpa saman bak (halen stikkande ut selfølgelig) og deretter knytt saman mange posar slik at det likna på eit band. På dinna måten her slepp ein også å måtte plukke opp hundebæsj da den vil samle seg i posen…

søndag 18. november 2007

Ålesund @ night


På søndagen når det var begynt å bli litt mørkt måtte selvfølgelig turen takas til fjellstua. Vi bestemte oss for å være spreke og tok alle dei mange trappetrinna oppover. På skiltet sto det at det var 418 trappetrinn opp, men det kjem vel kanskje an på kor ein begynner å telle trappetrinna? Når ein begynte å telle nede med skiltet vart det ca 450 trinn eller noko sånt, kanskje det er eit lure skilt, som skal få flest mulig til å komme opp, for når det står 450 (+-) kan no folk bli vett skrømte, og slitne berre av tanken. Etter å ha vore på toppen og speida utover byen, med frisk mild sjøluft og stjerneklart (bak skyene vel og merke) ville fortsatt ikkje Mirjam ned, det var rett og slett for fint til berre å gå der i frå! Ho lurte til og med på om vi skulle overnatte der oppe, hadde no vore koselig det da, men det er litt kjipt å legge seg til å sove på ein plass der det er mange turgåara! Så etterkvar for turen heimover. Mamma og brødrene mine kom heim frå ”Verket”, så då var besøket med slekta frå vikane over. Etter å ha hatt ein ekstra person under taket på heile 25 m2 , var det deilig å trekke litt frisk luft seinare på kvelden, og samle tankane før den nye veka skulle begynne.

Rollerblades tur


No har eg hatt nokre flotte dagar saman med lillesøstera mi Mirjam! Og endelig har eg fått besøk av nokon som likar katten min, og som katten ikkje er redd for. Og endelig har eg fått besøk av ein person som katten er meir gla i enn meg…hehe…så no slapp eg all dinna snublinga bort over golvet grunna hannkatten si ”eg legg meg her for å få deg til å snuble, og for å få oppmerksomhet” innstilling. For å sei det sånn så skal han no få nok å gjere i dei komande vekene, for Mirjam har pøsa på med gåver som ho har laga og kjøpt til han, snille du Mirjam (som får meg til å måtte rydde masse katteleikar). Sidan Mirjam har gått på rulleskøyter sidan ho var veldig ung, så høyrte det selfølgelig med ein rollerblades tur. Vi for no rullande bortover mot høgskulen, og vi vart ganske fort klare over at vegen bortover hadde masse helling, dvs det gjekk hard utover rekkverka bort igjennom, for bremsene hadde vi brukt opp for lenge sida! Hmm ja ditta her får meg til å tenke på ideen eg fekk første året eg budde her i Ålesund. Jo, da bestemte eg meg for å gå på rulleskøyte heilt heim til Innvik, Hilde K, store søstera mi ville også være med. Det tar vel ca 2,5 timar å køyre i bil, over fjell, masse oppoverbakke, tunellar, og bratte nedover bakka. Det er faktisk berre den siste halvtimen med bil frå Stryn til Innvik der strekninga er heilt flat! Eg hadde ikkje tenkt å trekke meg, sjølv om eg kjente kor travelt det var berre å tenke på å gå på rulleskøyter i brattebakkar, og bremsinga nedover alle bakkane, untatt dei 10 siste meterane… heldigvis sa mamma at vi ikkje fekk lov til å drepe oss, så da trakk Hilde seg! Åhh, kor gla eg er for det, for da blei det ingen tur…men eg skal ta å sykle heim eingong…har eg lyst til…kanskje…ta med telt og campe ein eller anna plass…ja det vil eg…til sommaren…kanskje…

torsdag 15. november 2007

Sunne matvarer...og kaffi



I går når eg for på shopping på moa, så var eg svææært sulten. Og då, då kjøpar eg middag til fleire dagar!! Eller rettare sagt, eg kjøpar det meste som eg trur eg kan bli mett på, og det er jo ikkje akkurat lite heller. Eg plukka med meg ein del fisk, poteter og sånne sunne ting. Når eg hadde satt meg i bilen kom eg på at eg måtte bortom brødrane mine…fordi vinteren er begynt og kome, og i tillegg til at eg ikkje har lagt om til vinterdekk enda…Nei, off, eg hadde jo kvit jakke på meg, kva var det eg hadde tenkt på?! No kunne eg jo ikkje legge om til vinterdekk lenger, eller brødrane mine kunne gjere det i staden for meg!! Hurra, for ein utmerka ide!! Så, då for dei faktisk ut å la om til vinterdekk for meg Etter ei stund så for eg heim og måtte plassere matvarene i kjøleskap og fyseboks. Men hmm, eg hadde no kjøpt så masse mat at det nesten ikkje var plass til noko av det i fryseboksen, men etter å ha tatt ut alt frå boksen, og nærmast klemt ut all luft på alt som var der inne, fekk eg døra igjen. Når klokka vart masse på kvelden fant eg ut at eg hadde glømt å skrive evaluering til dagen etterpå, så då måtte eg ta å koke litt vatn, og blande i litt pulverkaffi. Eg drakk 3 koppar kaffi, og entra stadiet ”kaffisjokk” eller noko sånt, eg skjønte ingenting, og alt virka så rart. Etter å ha brukt tida til å sitte på Msn, og ingen opg skriving måtte eg drikke meir kaffi. Eg entra no det 6 sjokk stadiet grunna stort kaffi inntak! Eg fekk no skreve ned nokre ord på evalueringa, men kunne ikkje huske noko av det når eg la meg…overraskande nok sovna eg ganske fort.
I dag når eg vakna så såg eg til mi store overrasking at det var ei heil grønsaks blanding eg hadde glømt å pressa inn i frysen igjen! Så då måtte eg lage 600g grønsaker til middag!! Off gjett om eg er mett da, sjølv om at eg berre har ete 300g av grønsakene i dag, i tillegg til laks og poteter…resten må eg spare til i måra, om eg orkar tanken på grønsaker då!! I tillegg så kunne eg fortsatt ikkje huske kva eg hadde skreve på evalueringa, utrulig godt formulert faktisk og bra innhald. Hmm, dunkle mystiske saker! Svart kaffi er jammen skumle greier!

onsdag 14. november 2007

Flau shopping


Ein vanlig dag, trudde eg. Ingenting hadde forutsatt at det skulle bli ein slik dag! No skal du høyre: Eg tenkte eg skulle ta å fare på shopping for matvarer. Turen for innom Ica Maxi, der eg plutselig såg at det var super tilbod på…emm ja det flauaste eg veit å kjøpe: dopapir. Eg gjekk diskre forbi hylla og måtte snu meg for å sjå om det var nokon som holdt auge med meg. Eg fekk lurt meg bort til isdisken, for eg turte ikkje gå rett bort til det flaue produktet. Med isdisken sto eg å speida etter om det kom folk i mi retning, når ein del minutt hadde gått, og isen sikkert hadde smelta fordi eg vart så varm og nervøs, vart kysten vart klar. Eg fekk psyka meg opp til å små jogge bort til dorull hylla... eg røska med meg 4pk…når eg først skal kjøpe ditta produktet her gjer det meg ingenting å kjøpe masse, betre å få det overstått for ei stund liksom. Eg for bort til kassa i racerbil fart, og lempa produktet opp på rullebandet. Ho i kassa vart plutselig usikker på om det var Lambi som var på tilbod, og tok med seg ei pakke og meg bort til hylla, for så å gå tilbake til kassa med dorullen i handa, og meg, knallrød i ansiktet , på slep. Eg tenkte berre: ” slapp av liksom, vi skal bare ta oss ei runde i butikken sånn at alle kan sjå det flaue du har kjøpt!!!”. Når det var overstått var den neste utfordringa å kome seg ut til bilen. Då angra eg plutselig på at eg hadde vore å kjøpt dissa flaue greiene her, så eg vurderte nesten å sei at eg angra på at eg hadde kjøpt det, og ville ha ein til gode lapp, eller rett og slett bare springe i frå alle 4 pk som hadde fulgt rullebladet heilt til endes, valgmuligheitane var mange, men eg valgte å prøve å få dei med meg heim igjen. I 180 km/h, med haudet kikkande ned på skospissane mine, og ein målretta kurs kom eg tilslutt ut til bilen. Neste utforring var å finne bilnøklen, og den, den hadde eg lagt på ein lur plass som var så lur at eg rett og slett ikkje kunne finne den. I mens hadde eg lagt frå meg posen og dei 4 pk flaut produkt, utan pose, ved siden av bilen, mens eg gjekk diskre vekk frå bilen sånn at ikkje folk skulle skjønne at det var min bil og mine varer som låg der. Eller diskre var det vel ikkje, for eg gjekk så fort eg kunne!!Eg fant nøkklen og kasta tinga inn i bilen, og rusa av garde mot hybelen!! Pjuhh godt å sitte i bilen, med produktet gjømt bak dei sota vindauga mine, liggande nede på gulvet bak førarsetet og passangersetet, for tenk om eg hadde blitt stoppa i kontroll, med det flaue produktet i førar setet. Så kom eg heim, men eg måtte alikavel opp forbi ein del etg før eg kom til min etg. Eg kan med vissheit sei at eg ALDRI har brukt så kort tid opp dissa trappene før, for her gjekk det unna. Neste prosjekt er å få dei 2 siste pakkane opp…lurar på om eg skal stå opp midt på natta å gjere det! No når eg har møtt folk i dag, så har eg følt det har stått ”dorull” i panna mi!! Eg veit, eg er eit sjukt sjukt menneske!!

måndag 12. november 2007

Ikkje få panikk, IKKJE FÅ PANIKK!!!!!!!!!!!!!!!


Eg bråvokna klokka 0226 og trudde at telefonen min ringte, og som vanlig får eg full panikk når telefonen min ringe når eg søve, for da trur eg at eg har forsove meg til eit eller anna, uansett om eg har lagt plana eller ikkje. Men etter å ha stått å trykt på telefonen ei lita stund og prøvd å finne ut kvifor den ikkje slutta å ringe, så fant eg ut at det var brannvarslaren som dreiv å lagde lyda som fekk trommehinna mi til å få frysninga. I fullpanikk fekk eg sprunge fram og tilbake på golvet i nokre 10 tals sekund, før eg fant ut at eg måtte kle på meg og kome meg ut…eg fekk tatt på meg buksa og brukte lang tid på å vurdere om eg skulle ta med meg dyna eller eit teppe, for ute var det jo kaldt. Kass sko skulle eg ta på, skulle eg ta tida til å ta på meg sokka, eller skulle eg bare springe ut? Skulle eg ta på meg hue og votta, skjerf? Kva med ein tyggis, soveånde er vel ikkje akkurat så veldig bra,men kor i alle daga hadde eg lagt tyggis pakka? Og nøklane, kor var det eg hadde lagt dei igjen, eg kunne jo ikkje gå frå døra ulåst, eller skulle eg i det heile tatt låse døra, tenk om brannmenna måtte inn på hybelen min... Alle tankane svirra i hovudet mitt, men etter å ha summa meg litt, bittelitt, så fant eg ut at eg bare måtte ta på meg nokre sko, og droppe dei andre plagga siden eg ikkje hadde tida til å ta dei på meg ettersom eg hadde tenkt så masse…Eg tok på dørhandtaket, så slutta klokka å ringe…nesten irriterande at eg ikkje kom meg lenger etter alt det stresset…Det har skjedd akkurat på same måten før, eg kjem meg aldri ut…eg håpa det aldri begynne å brenne her, for da er no eg ille ute! Kanskje eg skulle varsla brannfolka med eingong, slik at dei veit kor eg er om det skulle begynne å brenne her…eg er faktisk personen til å begynne å rydde, i frykt for at brannmenna skulle sjå kor rotete eg har det..

søndag 11. november 2007

Helga er over, Marita er vedsiden av


Etter 6 tima med søvn så kjente eg trangen til å stå opp, ta meg ein dusj og ha ei stille stund. John og Ivar joina :) Eg gleda meg så til juleferien, tenk å begynne kvar morgen sånn da, utrulig digg, det vil eg anbefale varmt, eller kaldt, eller tja det kjem an på om du er varm eller kald blodig... Vi hadde eit godt måltid igjen, og plutselig, så gjekk straumen...Etter å ha planlagt den berømte sei middagen sånn underbevisst, kunne eg kjenne at heile middagen datt i dass, eller toalettet sagt på fint. Vi fant ut at vi skulle ta å reise på gudstjeneste, så da fauk vi atter ein gong. Frikyrkja uten straum var ein artig opplevelse det:) Når vi kom tilbake var fortsatt ikkje dei andre karane stått opp, og huset var begynt å bli kaldt...vi fyra litt og fant ut av vi måtte begynne å koke vatnet oppå ovnen, noko som aldri ville ha gått...eller jo kanskje, men da ville det tatt sikkert 6 tima å koke potetene...fisken den kunne vi alltids pakke inn i folie og kaste den inn i peisen, eg fekk no den brilliante ideen med å koke dei i vannkokaren..men så plutselig, så kom straumen igjen. Hurra! Vi laga ovnsbakt sei med løk og paprika og ein touch of lemon, poteter og grønnsaker og til og med agurk i sånn eddik lake. Dei som var skeptiske til fisken fekk prøvd seg på fiskekaker, ikkje fristprice merke vel og merke! Middagen vart nydelig god, og beina i fisken plukka vi ut, det eine etter det andre.
Så begynteopp ryddinga, og jo, det vart gjort veldig effektivt og raskt, faktisk så effektivt og raskt at ikkje vaskemaskina fekk tida til å bli ferdig, så den måtte vi stoppe, så fauk vi avgarde mot Ålesund igjen. Hadde masse kloke ord å dele på vegen heimover, og eg følte absolutt at dinna helga her har vore den beste på lenge. For innom brødrene mine ein tur, og skulle hente katten, men eg var så trøytt at eg ikkje orka å ta han med meg. Jon kjørte meg heim, og det var så vidt at eg greidde å halde meg vaken, klokka var då 1930. Klokka 2009 la eg meg, og sovna momentant.

laurdag 10. november 2007

Runde, Sei, Hummer og Kanari


For ein deilig start på dagen! Våkna kl 0900 og sto opp, satte meg ned i stova med Bibelen og hadde ei utrulig bra stund. Åhh tenk å ha så god tid kvar morgen da, sleppe å stå opp kl 0530 for å ha tida til å lese litt! Dinna helga her måtte bare utnyttast på det fullaste:) Etter nok eit måltid så fant vi ut at vi skulle oppleve etternavnet mitt, med andre ord: fare på utflukt til RUNDE. Vi pakka sekkane (som vi ikkje hadde) og tok med fiskestengene, så fauk vi avgarde!Vi måtte rett og slett bare få fiske siden vi hadde planlagt å ete fisk på søndagen... Først tok vi oss ei lita råneRUNDE heilt ut til slutten på vegen på RUNDE. Vi vart faktisk så fasinert av bølgene, at vi for min del kunne vore der resten av dagen, om vi berre hadde hatt eit varmt hus med eit stort vindauge å kikke ut igjennom! Men det hadde vi altså ikkje, så da fauk vi vidare på leit etter ein molo vi kunne prøve lykken på. Og gjett om vi hadde lykke da, vi fekk masse fisk, eller 9 stk, eller egentlig 8 siden Ivar kasta den eine på vatnet, og eg, eg fekk 3 av dei:)Mens andre hevda dei kom ut av tellinga...*host-fornokotull-host*
For å sei det sånn så e ikkje all fisk, dårlig fisk, for dinna seien her hadde eg skikkelig trua på. Etter å ha floka til fiskesnøret alt for mange gongar, og fått fisk på dei gongane eg egentlig ikkje fiska men snurra inn snøret som ein gal for å unngå at det kom nedi botnen, og ganske så cyanotiske fingre, så for vi vidare, til ei anna kai...Brrr, ingen fangst der...
Så for vi til huset og laga to very good "pitsa", og åt oss alt for mette, men likavel så skulle vi ete meir. Men først måtte vi selfølgelig spele "Hei knekt" som Kristoffer lærte oss, og eit "plasser flaska så lang framfor deg du kan uten å røre teppet opplegg spel". Nokre timar seinare var det duka for hummar...mmm...eg lika smaken på det stygge dyret, sjølv om det ser ut som ein diger rød edderkopp...grøss..., bare sjå kor ekkel og sint den ser ut...etter ei andaktsstund og masse speling, så plutselig var den dagen og gått...så da måtte vi legge oss igjen...i eit overoppheta hus!! æææ panikk varmt!

fredag 9. november 2007

KRIK tur


Ja, då var det plutselig fredag igjen, veka går alt for fort og seint på samme tid! Men ja, fredagen kom no den som vanlig, og dinna helga her hadde vi på KRIK bestemt oss for å reise på tur til feriehuset vårt i Fosnavåg. Først måtte no eg få pakka dinna bagen min, som eg egentlig føla blir mindre for kvar gang eg skal på tur...men eg fekk no pressa alt oppi etter ei stund, etter at eg hadde tatt ut en del for å ta det oppi ein anna bag....ja sånn kan no det gå... Etter å ha kjørt i tja, vel 30 sekund så streika lysa på den eine bilen (som forresten ikkje var Ford), men dei fekk no fiksa det etter ei lita stund, vi kjørte Ford, og den virka lysa på=)
Vi var 6 stk som reiste, og kom fram til eit kaldt hus i 19 tida på kvelden. Gjett om eg har funne ut at eg skal ha varmepumpe på huset mitt ein gong i framtida da, for dinna vifta gjorde jammen susen!! Vi laga til ein koselig kveldsmat med reker og greier, og etterpå samlast vi i "peis-stova" og prata og spelte spel, og eg, eg trylla!! Asgeir, ein gong skal eg fortelle deg kva eg gjorde:) Så etter å ha ledd litt av tryllekunsten og spelte bondebridge og andre saker, så vart klokka plutselig masse og tida var komen for å legge seg.

torsdag 8. november 2007

When you wish upon a star...


Etter å ha hatt ein sjukedag med feber og fullstendig gangsperre ”all over the place” ,brå vakna eg midt på natta, og vart utrulig skrømt og redd. Det såg ut som om himmelen hadde ramla ned på taket her, for stjernene var så utrulig nærme…eg fant ut at eg bare måtte sove vidare, og håpe på det beste. Heldigvis var himmelen der den skulle være morgonen etterpå, trur eg, om eg ikkje har sånne rare ”syn” enda og da, og trur at alt er som det skal være…kven veit, tydeligvis ikkje eg, eg leve berre i håpet

måndag 5. november 2007

Vegg til vegg teppe?


I dag trudde eg katten min la an på meg! Eg skjønna at Paazan, som er eit år, kanskje har begynt å bli vaksen. Han sto vedsiden av meg i dag, då eg ferska han i å ni stirre på bakdelen min…æsj ekkle katt tenkte eg, han vifta litt på halen og bøyde seg ned mot gulvet, så plutselig som om han skulle ha vore med på ein 100 meters stafett i OL fauk han like fort som lynet og kanskje enda fortare enn det, og festa klørne pårompa mi!! Wææ gjett om eg fekk panikk da, og gjett om eg hylte!! Eg tenkte no mitt at eg måtte ta å bestille time med dyrelegen sånn at han fekk kutta visse ledningssystem som er ganske så nærme halen... Etter å ha komt meg ut av sjokket så begynte eg å reflektere over den skjedde handlinga. Eg fant ut at eg hadde blitt sittande i stolen til katten, sånn at eg hadde ein massiv hårdott som veia i vinden (nei, eg feis ikkje) som han skulle angripe…
Rare greier for når håret er i sofaen eller på gulvet så vil han ikkje være der, men tar seg til takke med scrabble eksa mi, eller andre ting som ligg på gulvet, ledning, oppi sekk, ark!! For meg så fungera alle håra nesten som eit vegg til vegg teppe, fryse aldri på beina med andre ord!! Ja så spara eg jo masse penga på straumen!!

søndag 4. november 2007

Studenten


Endelig helg!! Endelig fri!! NEI!! For noko tull, det er ingen som har skikkelig fri i helgene, for da har ein allerede planane klare for kva ein skal gjere! Er det rart at mandagane er så harde? Folk blir jo heilt utkjørte etter å komme i mål med alle dei tinga dei liksom skal ha god til til å gjere på "fridagane" sine! Eg, eg har gjett opp for lenge sida, helg for minsin del betyr å få unna nok av lesinga til eksamen... Eg leika fornuftig student og dro inn på skulen og satt der å las - mutters aleine, meste parten av tida. Åhh gjett om eg følte meg klok da, lese i helga liksom, både lørdag og søndag!! Hello hello! Effektiviteten treng eg vel ikkje å nevne noko om kanskje? Men det er godt å få gjort noko fornuftig slik at helga gjev litt meining. Reiste på Gudsteneste på Emblem og fauk heim hit for å panikkrydde og ikkje minst panikk støvsuge litt (masse) før eg skulle få besøk av ein gjeng venna. Prata no om så masse rart, irritasjon til kattedyr, bæsj og promp. Tok no ei god stund før eg sovna den søndagen da, hadde så masse informasjon å bearbeide med tanke på avføring og prompesnakk!
Såg med andre ord ganske herda ut når eg kom på jobb på mandagen....sunshine? Not at all!

fredag 2. november 2007

Mr.Thomas tog er ikkje så tøff lenger


Fredag- ein dag der alle blir ekstra gale fordi dei veit at den forhåpentligvis er etterfulgt av to fridaga:) Så da måtte no eg ta å finne på nåkke rart, så rett som det var så gjorde eg det. For å lage ei lang historie kort så har eg i løpet av det forrige året bada ein gong i veka heile året, saman med Marte og Hanne. Ditta her fortalte eg til ein viss person som klara å erte på seg ein kaffikopp, og meg. Han trudde ikkje på det, så da måtte eg rett og slett ta å bevise det med å ta meg ein symje tur ditta året her og…kan ikkje sei at eg gleda meg til det, men eg MÅTTE, pga egen stoltet, han skulle ikkje få anledning til å sei ”ka sa eg?”. Så då, 2. november, med regn, antyding til snø og litt hagl, vind og veldig kaldt, fant Marita ut at ho skulle bevise det ein gong for alle – måtte bade i dag, ein ekstrem dag for bading! Fekk lokka med meg Silje, og ho var svært positiv til heile greia, heilt til ho sto der i sokkande, shortsen og bikinien sin i stiv kuling ute med Atlanterhavsparken, i fjøra. Vi fekk labba oss ut i vatnet, men fant ut at det var sand som gav etter under beina våra, så da sprang vi på land igjen, i full panikk for å sette oss fast i sanden, og aldri komme der i frå. Vi prøvde å springe til bilen, men pga stivfrosne tær gjekk det heller ganske sakte, kombinert med halting og noko som kunne sjå ut som hopping. Siden tåasane våre stivna på ca 15 sekund, kunne eg ikkje sei at eg gleda meg noko særleg til resten av kroppen skulle under vatn. Kjørte ein anna plass og fekk lagt oss på svøm, og dyppa hauda våre under…brr, det var kaldt det! Berre dei tøffaste som klara sånt på fredag 2.november. Hurra for oss som er tøffare en Thomas toget: Marita og Silje