måndag 12. november 2007

Ikkje få panikk, IKKJE FÅ PANIKK!!!!!!!!!!!!!!!


Eg bråvokna klokka 0226 og trudde at telefonen min ringte, og som vanlig får eg full panikk når telefonen min ringe når eg søve, for da trur eg at eg har forsove meg til eit eller anna, uansett om eg har lagt plana eller ikkje. Men etter å ha stått å trykt på telefonen ei lita stund og prøvd å finne ut kvifor den ikkje slutta å ringe, så fant eg ut at det var brannvarslaren som dreiv å lagde lyda som fekk trommehinna mi til å få frysninga. I fullpanikk fekk eg sprunge fram og tilbake på golvet i nokre 10 tals sekund, før eg fant ut at eg måtte kle på meg og kome meg ut…eg fekk tatt på meg buksa og brukte lang tid på å vurdere om eg skulle ta med meg dyna eller eit teppe, for ute var det jo kaldt. Kass sko skulle eg ta på, skulle eg ta tida til å ta på meg sokka, eller skulle eg bare springe ut? Skulle eg ta på meg hue og votta, skjerf? Kva med ein tyggis, soveånde er vel ikkje akkurat så veldig bra,men kor i alle daga hadde eg lagt tyggis pakka? Og nøklane, kor var det eg hadde lagt dei igjen, eg kunne jo ikkje gå frå døra ulåst, eller skulle eg i det heile tatt låse døra, tenk om brannmenna måtte inn på hybelen min... Alle tankane svirra i hovudet mitt, men etter å ha summa meg litt, bittelitt, så fant eg ut at eg bare måtte ta på meg nokre sko, og droppe dei andre plagga siden eg ikkje hadde tida til å ta dei på meg ettersom eg hadde tenkt så masse…Eg tok på dørhandtaket, så slutta klokka å ringe…nesten irriterande at eg ikkje kom meg lenger etter alt det stresset…Det har skjedd akkurat på same måten før, eg kjem meg aldri ut…eg håpa det aldri begynne å brenne her, for da er no eg ille ute! Kanskje eg skulle varsla brannfolka med eingong, slik at dei veit kor eg er om det skulle begynne å brenne her…eg er faktisk personen til å begynne å rydde, i frykt for at brannmenna skulle sjå kor rotete eg har det..

1 kommentar:

Anonym sa...

hehehe......gøy blogg!! For din del så trur ej at du må legge deg i pysj og alltid huske å rydde rommet før du legge deg! Tips: Sett en stol rett innafor soveromsdøra...så kvar gong du dribla i den så huska du... :p