søndag 18. november 2007

Rollerblades tur


No har eg hatt nokre flotte dagar saman med lillesøstera mi Mirjam! Og endelig har eg fått besøk av nokon som likar katten min, og som katten ikkje er redd for. Og endelig har eg fått besøk av ein person som katten er meir gla i enn meg…hehe…så no slapp eg all dinna snublinga bort over golvet grunna hannkatten si ”eg legg meg her for å få deg til å snuble, og for å få oppmerksomhet” innstilling. For å sei det sånn så skal han no få nok å gjere i dei komande vekene, for Mirjam har pøsa på med gåver som ho har laga og kjøpt til han, snille du Mirjam (som får meg til å måtte rydde masse katteleikar). Sidan Mirjam har gått på rulleskøyter sidan ho var veldig ung, så høyrte det selfølgelig med ein rollerblades tur. Vi for no rullande bortover mot høgskulen, og vi vart ganske fort klare over at vegen bortover hadde masse helling, dvs det gjekk hard utover rekkverka bort igjennom, for bremsene hadde vi brukt opp for lenge sida! Hmm ja ditta her får meg til å tenke på ideen eg fekk første året eg budde her i Ålesund. Jo, da bestemte eg meg for å gå på rulleskøyte heilt heim til Innvik, Hilde K, store søstera mi ville også være med. Det tar vel ca 2,5 timar å køyre i bil, over fjell, masse oppoverbakke, tunellar, og bratte nedover bakka. Det er faktisk berre den siste halvtimen med bil frå Stryn til Innvik der strekninga er heilt flat! Eg hadde ikkje tenkt å trekke meg, sjølv om eg kjente kor travelt det var berre å tenke på å gå på rulleskøyter i brattebakkar, og bremsinga nedover alle bakkane, untatt dei 10 siste meterane… heldigvis sa mamma at vi ikkje fekk lov til å drepe oss, så da trakk Hilde seg! Åhh, kor gla eg er for det, for da blei det ingen tur…men eg skal ta å sykle heim eingong…har eg lyst til…kanskje…ta med telt og campe ein eller anna plass…ja det vil eg…til sommaren…kanskje…

Ingen kommentarer: