torsdag 15. november 2007

Sunne matvarer...og kaffi



I går når eg for på shopping på moa, så var eg svææært sulten. Og då, då kjøpar eg middag til fleire dagar!! Eller rettare sagt, eg kjøpar det meste som eg trur eg kan bli mett på, og det er jo ikkje akkurat lite heller. Eg plukka med meg ein del fisk, poteter og sånne sunne ting. Når eg hadde satt meg i bilen kom eg på at eg måtte bortom brødrane mine…fordi vinteren er begynt og kome, og i tillegg til at eg ikkje har lagt om til vinterdekk enda…Nei, off, eg hadde jo kvit jakke på meg, kva var det eg hadde tenkt på?! No kunne eg jo ikkje legge om til vinterdekk lenger, eller brødrane mine kunne gjere det i staden for meg!! Hurra, for ein utmerka ide!! Så, då for dei faktisk ut å la om til vinterdekk for meg Etter ei stund så for eg heim og måtte plassere matvarene i kjøleskap og fyseboks. Men hmm, eg hadde no kjøpt så masse mat at det nesten ikkje var plass til noko av det i fryseboksen, men etter å ha tatt ut alt frå boksen, og nærmast klemt ut all luft på alt som var der inne, fekk eg døra igjen. Når klokka vart masse på kvelden fant eg ut at eg hadde glømt å skrive evaluering til dagen etterpå, så då måtte eg ta å koke litt vatn, og blande i litt pulverkaffi. Eg drakk 3 koppar kaffi, og entra stadiet ”kaffisjokk” eller noko sånt, eg skjønte ingenting, og alt virka så rart. Etter å ha brukt tida til å sitte på Msn, og ingen opg skriving måtte eg drikke meir kaffi. Eg entra no det 6 sjokk stadiet grunna stort kaffi inntak! Eg fekk no skreve ned nokre ord på evalueringa, men kunne ikkje huske noko av det når eg la meg…overraskande nok sovna eg ganske fort.
I dag når eg vakna så såg eg til mi store overrasking at det var ei heil grønsaks blanding eg hadde glømt å pressa inn i frysen igjen! Så då måtte eg lage 600g grønsaker til middag!! Off gjett om eg er mett da, sjølv om at eg berre har ete 300g av grønsakene i dag, i tillegg til laks og poteter…resten må eg spare til i måra, om eg orkar tanken på grønsaker då!! I tillegg så kunne eg fortsatt ikkje huske kva eg hadde skreve på evalueringa, utrulig godt formulert faktisk og bra innhald. Hmm, dunkle mystiske saker! Svart kaffi er jammen skumle greier!

Ingen kommentarer: