![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEjTJMV9P0FBKnmuIpqnJG8b6qysE8nqnfSz-QlCm4hM061Y2pUK41AfiPIodjOfcuKR-SLsSF9qfwPvauS9vj3iZJ5fH5VJSQ8ZANpi_K2tF7NJgWgdwopAPo3N-crwJuz9fdN0Y6aZWQ0/s320/brød.jpg)
Noko som eg er like fasinert over, og som er rett og slett ikkje kan begripe og fatte – er korleis nokon fant på å lage tv…og telefon, radio, mikrobølgeovn, bil, utnytte råvarer som olje, elektrisitet, lyspæra, ja eigentlig så er eg fasinert av alt – bortsett frå omo tabletten som er pakka inn i plast som løysar seg opp i vatn, idioti! Det eg er mest fasinert over er korleis folk fant på å lage brød, og andre ting som må miksast og blandast saman før det må steikast eller kokast før det kan nyttast. Tenk da kor lang tid det tok å reinske kornet før det vart mjøl, og kor lang tid det tok å få vatn til å fordampe før ein kunne nytte seg av saltet, gjæra – ja kven i alle dagar var det som fant på å framstille gjær ut av ei sopp – for så å putte den ned i blandinga av mjøl og vatn og få den til å heve seg? GENIALT!!!
Men tenk om personen ikkje var så genial som eg vil ha det til? Tenk om han bare var heilt ”lost” i hodet sitt….”Oj nei, no sølte eg vatn ned i mjølet til ho mor, eg må ta å røre om slik at det blir vekk…oj, nei det gjekk ikkje, eg kastar det på bålet slik at vatnet fordampar slik at eg kan koste opp mjølet igjen og legge det i krukka..å nei, då vil det jo komme masse aske med også, eg tek å legg krukka ned slik at det ser ut som nokon har kvelva den, og legg vatn blanda med mjøl på ein av dei steinane som er rundt bålet… ” Etter 40 minutt kom ho mor tilbake og fant mjølet som var blitt til eit brød. Kven veit?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar