torsdag 22. november 2007

KiK- Kakao i kulden


Etter å ha hatt nattevakt på sjukehuset, var eg svært opplagt når eg gjekk frå jobben. Faktisk sånn at eg hadde lyst å sei at eg kunne jobbe for nokre av dei trøtte tryna som etter kvart dukka opp på vaktrommet, og drap den overtrøytte stemninga, men for all del – det var eigentlig ganske bra, for overtrøytte var vi alle 4 nattevaktene! Eg var så klar for ein ny dag at eg faktisk koste meg når eg skrapa av all isen på bilen, nesten sånn at eg vurderte å skrape av all frosen på alle vindauga…men det får no være måte på. Når eg etter kvart fekk parkert uttafor huset her så såg eg den nice Audien, da måtte eg jo sjølvsagt parkere ved sida av den! Så fant eg ut at sida eg var så våken så skulle eg ta å skrape av bilen, god morgon overraskelse liksom, men først skulle eg opp på hybelen og lage meg noko frukost til å ete ute, før eg gjekk inn å la meg igjen. Men når eg kom ned igjen så var bilen vekk…eg turte heller ikkje begi meg ut på å skrape på dei andre bilane då eg ikkje visste heilt kven som eigde dei…
Eg traska vidare bortover mot middelaldermusset og fant ein koselig plass nede i fjøra, der eg hadde sikt mot fjella, og i den retninga sola sto opp. Mens eg gjekk bort igjennom graset, knasa det lett under beina mine av alle dei stive grasstråa med kvite frost krystalla. Bølgane slo forsiktig mot steinane, mens det begynte å bli flo. Ein eller anna fugl kvitra (prøvde å kvitre) og fekk meg i godt humør (fordi det minte meg om blokkfløyte spelinga mi). Himmelen var nesten heilt skyfri, og den var lett orange farga av den begynnande sol oppstiginga. Den friske kalde lufta fekk kinna mine til å bli rødfarga, og nasa mi vart ildrød, men det gjorde ingenting. Ein vintermorgon ute i naturen er heilt toppers! Eg fekk pakka opp det naturtroe pleddet mitt med tigerstripa som glidde rett inn i det norske naturlivet, eg tømte kakao i koppen og såg kordan dampen av den vart feid vekk med den svake sjø lufta som kom svevande innover mot land, skivene med brunost var klare til å bli tygga og blanda med spytt, for så å bli elta litt i magesekken for så å passere vidare gjennom systemet. Etter kvart som tida gjekk, vart skiva hardare og hardare, og brunosten hadde tilslutt blitt frossen, sånn at det faktisk iste i tenna mine når eg åt den. Så for å unngå å sjå resten av soloppgangen pakka eg saman tinga mine og gjekk å la meg. For ein knall start på dagen…kjipt å måtte sove den vekk…

Ingen kommentarer: