laurdag 10. november 2007

Runde, Sei, Hummer og Kanari


For ein deilig start på dagen! Våkna kl 0900 og sto opp, satte meg ned i stova med Bibelen og hadde ei utrulig bra stund. Åhh tenk å ha så god tid kvar morgen da, sleppe å stå opp kl 0530 for å ha tida til å lese litt! Dinna helga her måtte bare utnyttast på det fullaste:) Etter nok eit måltid så fant vi ut at vi skulle oppleve etternavnet mitt, med andre ord: fare på utflukt til RUNDE. Vi pakka sekkane (som vi ikkje hadde) og tok med fiskestengene, så fauk vi avgarde!Vi måtte rett og slett bare få fiske siden vi hadde planlagt å ete fisk på søndagen... Først tok vi oss ei lita råneRUNDE heilt ut til slutten på vegen på RUNDE. Vi vart faktisk så fasinert av bølgene, at vi for min del kunne vore der resten av dagen, om vi berre hadde hatt eit varmt hus med eit stort vindauge å kikke ut igjennom! Men det hadde vi altså ikkje, så da fauk vi vidare på leit etter ein molo vi kunne prøve lykken på. Og gjett om vi hadde lykke da, vi fekk masse fisk, eller 9 stk, eller egentlig 8 siden Ivar kasta den eine på vatnet, og eg, eg fekk 3 av dei:)Mens andre hevda dei kom ut av tellinga...*host-fornokotull-host*
For å sei det sånn så e ikkje all fisk, dårlig fisk, for dinna seien her hadde eg skikkelig trua på. Etter å ha floka til fiskesnøret alt for mange gongar, og fått fisk på dei gongane eg egentlig ikkje fiska men snurra inn snøret som ein gal for å unngå at det kom nedi botnen, og ganske så cyanotiske fingre, så for vi vidare, til ei anna kai...Brrr, ingen fangst der...
Så for vi til huset og laga to very good "pitsa", og åt oss alt for mette, men likavel så skulle vi ete meir. Men først måtte vi selfølgelig spele "Hei knekt" som Kristoffer lærte oss, og eit "plasser flaska så lang framfor deg du kan uten å røre teppet opplegg spel". Nokre timar seinare var det duka for hummar...mmm...eg lika smaken på det stygge dyret, sjølv om det ser ut som ein diger rød edderkopp...grøss..., bare sjå kor ekkel og sint den ser ut...etter ei andaktsstund og masse speling, så plutselig var den dagen og gått...så da måtte vi legge oss igjen...i eit overoppheta hus!! æææ panikk varmt!

Ingen kommentarer: