søndag 4. november 2007

Studenten


Endelig helg!! Endelig fri!! NEI!! For noko tull, det er ingen som har skikkelig fri i helgene, for da har ein allerede planane klare for kva ein skal gjere! Er det rart at mandagane er så harde? Folk blir jo heilt utkjørte etter å komme i mål med alle dei tinga dei liksom skal ha god til til å gjere på "fridagane" sine! Eg, eg har gjett opp for lenge sida, helg for minsin del betyr å få unna nok av lesinga til eksamen... Eg leika fornuftig student og dro inn på skulen og satt der å las - mutters aleine, meste parten av tida. Åhh gjett om eg følte meg klok da, lese i helga liksom, både lørdag og søndag!! Hello hello! Effektiviteten treng eg vel ikkje å nevne noko om kanskje? Men det er godt å få gjort noko fornuftig slik at helga gjev litt meining. Reiste på Gudsteneste på Emblem og fauk heim hit for å panikkrydde og ikkje minst panikk støvsuge litt (masse) før eg skulle få besøk av ein gjeng venna. Prata no om så masse rart, irritasjon til kattedyr, bæsj og promp. Tok no ei god stund før eg sovna den søndagen da, hadde så masse informasjon å bearbeide med tanke på avføring og prompesnakk!
Såg med andre ord ganske herda ut når eg kom på jobb på mandagen....sunshine? Not at all!

Ingen kommentarer: