fredag 30. november 2007

Kebab


Etter nokre mnd med god (eller kanskje rettare sagt dårlig) planlegging var dagen komen for at eg skulle ete kebab for første gong i mitt liv! Hurra, kor eg gleda meg siden eg har hørt SÅ masse fint om det, MEN, ein må jo finne ut av ting sjølv og ikkje dømme før man har prøvd… men eg kan ikkje sei at inntrykket mitt vart så mykje betre når eg såg at kjøtet var hengt opp på ein krok over den varme steikeplata, uuuh, masse bakteria å sånne ting der…men kanskje det var dei som skulle sette ekstra spiss på maten?
Kebab house vart den utvalgte plassen, og dei var ikkje så verst faktisk...eg fekk god hjelp når eg skulle velge om eg ville ha ”ekte kebab” eller ”ekte rullekebab”. Kva i alleverdens daga skal det bety, kva er forskjellen? Nei, eg måtte spør etter hjelp. Nok ein gong følar eg for å ta med ein skildrande dialog:
Meg: ”Kva er forskjellen på dissa to typane?” eg drog fort armane mine vekk frå disken då eg følte at genseren hadde satt seg fast i den nesten nylakka benken, noko den hadde gjort…
Kebab mann: ” det er nesten ikke det samme”
Meg: ”åååå, jammen da tar eg ein rullekebab”.
Betre kunne eg ikkje ha svart sjølv, valget vart så mykje enklare…Så blei det til at eg tok ein rullekebab, så rulla eg (haha) vidare oppover mot ho Grete som skulle vær resten av dei 50% som skulle ete kebab. Det heile resulterte i eit koselig måltid, etterfølgt av song og fyr og flamma i peisen.

Ingen kommentarer: