onsdag 14. november 2007

Flau shopping


Ein vanlig dag, trudde eg. Ingenting hadde forutsatt at det skulle bli ein slik dag! No skal du høyre: Eg tenkte eg skulle ta å fare på shopping for matvarer. Turen for innom Ica Maxi, der eg plutselig såg at det var super tilbod på…emm ja det flauaste eg veit å kjøpe: dopapir. Eg gjekk diskre forbi hylla og måtte snu meg for å sjå om det var nokon som holdt auge med meg. Eg fekk lurt meg bort til isdisken, for eg turte ikkje gå rett bort til det flaue produktet. Med isdisken sto eg å speida etter om det kom folk i mi retning, når ein del minutt hadde gått, og isen sikkert hadde smelta fordi eg vart så varm og nervøs, vart kysten vart klar. Eg fekk psyka meg opp til å små jogge bort til dorull hylla... eg røska med meg 4pk…når eg først skal kjøpe ditta produktet her gjer det meg ingenting å kjøpe masse, betre å få det overstått for ei stund liksom. Eg for bort til kassa i racerbil fart, og lempa produktet opp på rullebandet. Ho i kassa vart plutselig usikker på om det var Lambi som var på tilbod, og tok med seg ei pakke og meg bort til hylla, for så å gå tilbake til kassa med dorullen i handa, og meg, knallrød i ansiktet , på slep. Eg tenkte berre: ” slapp av liksom, vi skal bare ta oss ei runde i butikken sånn at alle kan sjå det flaue du har kjøpt!!!”. Når det var overstått var den neste utfordringa å kome seg ut til bilen. Då angra eg plutselig på at eg hadde vore å kjøpt dissa flaue greiene her, så eg vurderte nesten å sei at eg angra på at eg hadde kjøpt det, og ville ha ein til gode lapp, eller rett og slett bare springe i frå alle 4 pk som hadde fulgt rullebladet heilt til endes, valgmuligheitane var mange, men eg valgte å prøve å få dei med meg heim igjen. I 180 km/h, med haudet kikkande ned på skospissane mine, og ein målretta kurs kom eg tilslutt ut til bilen. Neste utforring var å finne bilnøklen, og den, den hadde eg lagt på ein lur plass som var så lur at eg rett og slett ikkje kunne finne den. I mens hadde eg lagt frå meg posen og dei 4 pk flaut produkt, utan pose, ved siden av bilen, mens eg gjekk diskre vekk frå bilen sånn at ikkje folk skulle skjønne at det var min bil og mine varer som låg der. Eller diskre var det vel ikkje, for eg gjekk så fort eg kunne!!Eg fant nøkklen og kasta tinga inn i bilen, og rusa av garde mot hybelen!! Pjuhh godt å sitte i bilen, med produktet gjømt bak dei sota vindauga mine, liggande nede på gulvet bak førarsetet og passangersetet, for tenk om eg hadde blitt stoppa i kontroll, med det flaue produktet i førar setet. Så kom eg heim, men eg måtte alikavel opp forbi ein del etg før eg kom til min etg. Eg kan med vissheit sei at eg ALDRI har brukt så kort tid opp dissa trappene før, for her gjekk det unna. Neste prosjekt er å få dei 2 siste pakkane opp…lurar på om eg skal stå opp midt på natta å gjere det! No når eg har møtt folk i dag, så har eg følt det har stått ”dorull” i panna mi!! Eg veit, eg er eit sjukt sjukt menneske!!

Ingen kommentarer: