søndag 11. november 2007

Helga er over, Marita er vedsiden av


Etter 6 tima med søvn så kjente eg trangen til å stå opp, ta meg ein dusj og ha ei stille stund. John og Ivar joina :) Eg gleda meg så til juleferien, tenk å begynne kvar morgen sånn da, utrulig digg, det vil eg anbefale varmt, eller kaldt, eller tja det kjem an på om du er varm eller kald blodig... Vi hadde eit godt måltid igjen, og plutselig, så gjekk straumen...Etter å ha planlagt den berømte sei middagen sånn underbevisst, kunne eg kjenne at heile middagen datt i dass, eller toalettet sagt på fint. Vi fant ut at vi skulle ta å reise på gudstjeneste, så da fauk vi atter ein gong. Frikyrkja uten straum var ein artig opplevelse det:) Når vi kom tilbake var fortsatt ikkje dei andre karane stått opp, og huset var begynt å bli kaldt...vi fyra litt og fant ut av vi måtte begynne å koke vatnet oppå ovnen, noko som aldri ville ha gått...eller jo kanskje, men da ville det tatt sikkert 6 tima å koke potetene...fisken den kunne vi alltids pakke inn i folie og kaste den inn i peisen, eg fekk no den brilliante ideen med å koke dei i vannkokaren..men så plutselig, så kom straumen igjen. Hurra! Vi laga ovnsbakt sei med løk og paprika og ein touch of lemon, poteter og grønnsaker og til og med agurk i sånn eddik lake. Dei som var skeptiske til fisken fekk prøvd seg på fiskekaker, ikkje fristprice merke vel og merke! Middagen vart nydelig god, og beina i fisken plukka vi ut, det eine etter det andre.
Så begynteopp ryddinga, og jo, det vart gjort veldig effektivt og raskt, faktisk så effektivt og raskt at ikkje vaskemaskina fekk tida til å bli ferdig, så den måtte vi stoppe, så fauk vi avgarde mot Ålesund igjen. Hadde masse kloke ord å dele på vegen heimover, og eg følte absolutt at dinna helga her har vore den beste på lenge. For innom brødrene mine ein tur, og skulle hente katten, men eg var så trøytt at eg ikkje orka å ta han med meg. Jon kjørte meg heim, og det var så vidt at eg greidde å halde meg vaken, klokka var då 1930. Klokka 2009 la eg meg, og sovna momentant.

Ingen kommentarer: