måndag 19. november 2007

Båndtvang



Nok eingong bli eg fasinert av skilt. Eg og Mirjam var på tur då vi såg ditta skiltet her. Har liksom ikkje tenkt over det før Mirjam sa det. På skiltet står det tydeleg både med ord og bilete at det er båndtvang, men posa er vel kanskje ikkje det mest solide å lage hundeband av? Kanskje til dei hundane som er så små at ein faktisk talt kan bære dei i ein brødpose, men kva med store sterke hundar som likar å skremme livet av folk når dei går kveldstur? Då vil i alle fall ikkje eg, av nylig erfaring, sette mi lit til band som er laga av posa…det e no ikkje rart at det er så mange hunda som spring laust i skauen når skiltet oppfordra folk til å lage pose-band! Den beste løysinga måtte vel i sofall vore å klipt hull til hovudet og beina i ein søppelsekk og snørpa saman bak (halen stikkande ut selfølgelig) og deretter knytt saman mange posar slik at det likna på eit band. På dinna måten her slepp ein også å måtte plukke opp hundebæsj da den vil samle seg i posen…

Ingen kommentarer: