måndag 5. november 2007

Vegg til vegg teppe?


I dag trudde eg katten min la an på meg! Eg skjønna at Paazan, som er eit år, kanskje har begynt å bli vaksen. Han sto vedsiden av meg i dag, då eg ferska han i å ni stirre på bakdelen min…æsj ekkle katt tenkte eg, han vifta litt på halen og bøyde seg ned mot gulvet, så plutselig som om han skulle ha vore med på ein 100 meters stafett i OL fauk han like fort som lynet og kanskje enda fortare enn det, og festa klørne pårompa mi!! Wææ gjett om eg fekk panikk da, og gjett om eg hylte!! Eg tenkte no mitt at eg måtte ta å bestille time med dyrelegen sånn at han fekk kutta visse ledningssystem som er ganske så nærme halen... Etter å ha komt meg ut av sjokket så begynte eg å reflektere over den skjedde handlinga. Eg fant ut at eg hadde blitt sittande i stolen til katten, sånn at eg hadde ein massiv hårdott som veia i vinden (nei, eg feis ikkje) som han skulle angripe…
Rare greier for når håret er i sofaen eller på gulvet så vil han ikkje være der, men tar seg til takke med scrabble eksa mi, eller andre ting som ligg på gulvet, ledning, oppi sekk, ark!! For meg så fungera alle håra nesten som eit vegg til vegg teppe, fryse aldri på beina med andre ord!! Ja så spara eg jo masse penga på straumen!!

Ingen kommentarer: