laurdag 24. mai 2008

Eit nesten mord, ein is, eit skip, og ein flokk med kvefsar?


I dag tidlig holdt eg på å drepe Paazan...ja faktisk talt!! Han hadde lurt seg opp i senga mi, noko eg ikkje hadde merka, eg fant det først ut da eg låg oppå ein klump som bevegde seg, heldigvis bevegde han seg (!), det var då altså Paazan, han flykta då han kom seg vekk og vart liggande under senga ei stund…
Men for min del så fekk eg glede meg over den blå himmelen, og turen gjekk til Ålesund city for å ta ein is med gode venner :) Eg har ikkje ete ein so god is før i år, ei kule pistasj med nokre gode klumpar i og ei med jordbær utan verken gode eller vonde klumpar…mmm…
Faktisk så var skipet Queen Victoria her i byen, når det skulle reise sprang vi bort på kaia og vinka til alle menneska som var ute på dekk i solsteiken, medan det vart spelt HØG musikk frå Rådhuset. Ein song som inneheldt noko slikt som ”sunnyday” og ” I dont know when”… ein ganske så fengande song skal eg sei deg, faktisk sånn at eg måtte konsentrere meg for å ikkje begynn å danse...nesten… Heilt fantastisk flott når sola skein og alle innlandske turistane (jo, norske folk altså) stod å hadde konkurranse om å halde ut lengst med å veive med henda som nokre villmenn medan dei fekk det til å sjå ut som vinking, eller faktisk så såg det ut som om dei prøvde å vifte vekk ein diger sverm med usynlege kvefsar, tenk kor flott avskjed ditta var for dei utanlandske turistane. (jo, dei er faktisk utanlandske) Fekk faktisk lyst å hoppe ut i vatnet og symje etter båten, kvifor veit eg ikkje heilt, kanskje fordi eg var redd det faktisk var usynlege kvefsar på kaia, men eg er no enda glad eg ikkje gjorde det… no er det å skrive hovudoppgåve igjen…Jeeyy

Ingen kommentarer: