laurdag 24. mai 2008

Sova bort sumarnatta du lisje vennen!


Ja det eg eigentleg gløymte å skrive i førre innlegg er det at når vi sat å åt is kom vi på ein song, ”du skal ikkje sova bort sumarnatta, ho er for ljos til det”, men kva i verdens dagar skal det bety då?
1. Du MÅ sove, det går ikkje an å ikkje sove over ein periode der sumaren blir sånn ca definert som 3 månader!! Pff, sei til folk at dei ikkje må sove på sumaren! Det er jo heilt absurd!
2. Om det er sånn at det ikkje er så strengt som det kan (mis)forståast som, så er det lov til å sove på dagen, men skal ein liksom sova bort ein flott solskinns dag då? No tenkjer du sikker, jammen du kan jo sove ute, nei fysj og fy, kven har vel ikkje erfaring frå å sovne i sola, og våken av at du ser ut som ei rød glødande varmelampe?? Eller at du er slik på halveandletet medan det andre har skrukkete merke etter underlaget du har sove på?
3. Faktisk så er det så masse mygg ute om natta på sumaren, at då er det ingenting å være ute for. Kanskje du tenkar at ein må ta på seg meir klede, men når ein har på seg kled som tilsvara nesten det dobbelte av kroppsvekta di og myggen framleis forårsakar raude, kløande utståande blemmer på huda, er heller ikkje det noko godt alternativ.
4. ”Men du kan no sitte inne på sumarnatta”, men inne er det jo godt og varmt, og om det ikkje er godt og varmt så pakkar eg meg inn i pledd, og då sovnar eg. Eg klarar ikkje halde meg vaken!
5. Her i Ålesund er det faktisk ikkje alltid sumarnatta er så ljos, ikkje om det er mørkt i allefall, er det liksom lov til å sove då?
5.Dessutan så vil eg ikkje sitte oppe for å sjå når sola stig opp der borte i horisonten ein plass, eg tvilar ikkje på at det fint, for det er det nok sjølv om eg ikkje har sett det før, men eg vil sjå den sammen med min kjære ein gong langt inn i framtida, ja jammen om eg skal sjå ein solnedgong også med han, for det har eg heller ikkje sett!

Nei du Wenche Gausdal, du lurar ikkje meg, faktisk så skal eg sova bort sumar natta! Eg vil ikkje høyre på deg!

1 kommentar:

Mirjam og hunden Tanja sa...

du må lese min blogg om det derre med det øyet. det kan du også tøyse med!