torsdag 11. september 2008

off, brannvarslaren igjen!

Ja trur ikkje du at brannalarmen greidde å gå i dag då??? Og smarte meg som velgte seg sjølv ut til brannansvarlig. Klokka begynte å ringe og eg springe alt eg har inn i stova og tenkte berre "typisk, kor dum er du eigentlig som utnevnte deg sjølv til ditta her?!?". Frå før av hadde eg pugga kva eg skulle gjere når det begynte å ringe, men det hadde eg sjølvsagt gløymt no. Nokon hadde laga mat på kjøkkenet, eller tja prøvd kan vi vel seie. Eg fekk tasta inn 110 på mobilen og fekk sagt det var falsk alarm, " hei, Marita her, det brenne ikkje, eg meina det er falsk alarm, bibelskulen, nei her eg bur så e det falsk alarm", stakkars brannmannen, han høyrte så vidt kva eg sa, og eg høyrte knapt han for eg kom ikkje på å skru av alarmen. Han spurte tilslutt høffelig om eg ikkje hadde tenkt å skru av alarmen, og faktisk så fekk eg gjort det! Hurra!!
Ti minutt etterpå kom eg faktisk på at eg hadde gløymt å sjå kor det var påstått at det brann på dinna branntavla...eg fekk så panikk at eg berre trykte på stopp. Det har ikkje vore noko brannalarm sida eg stoppa den, og heller ikkje røykutvikling, så eg håpar på at det går bra! Eg kunne aldri vore brannmann!! Ein stor applaus til 110 folka! KLAPP KLAPP

Ingen kommentarer: