måndag 8. september 2008

Første jobbdagen

Første dag i den nye jobben. Hjelpe meg, alt er nytt. Det er utrulig stor forskjell på kordan avdelinga i Ålesund var, men ditta her skal gå bra – det må det jo gjere, og det skal det nok (håpa eg). Alle var utrulig koselig og avdelinga virka utrulig spennande. Faktisk så skjedde det litt akutte ting slik at eg fekk sjå litt rutiner rundt det, spennande, men også utrulig skummelt, det er jo ganske stort ansvar som ligg på meg. Etter dinna dagen her var eg utrulig sliten, ikkje minst fordi eg begynte mykje tidligare i forhold til kva eg har stått opp den siste veka. Eg ser verkelig fram til å jobbe her vidare!

Ingen kommentarer: