fredag 3. august 2007

Din sau!!

Etter fleire veke med somar jobb e det endeleg godt å kunne greie å telle ned vaktene på ei hand. I dag har eg vore på dagvakt, og skal straks legge meg å sove sånn at eg kjem meg opp til nattevakta i natt. Menmen det går greitt å jobbe så masse, for no e eg snart ferdig:)
Det e så rart egentlig, for når eg går på skule så kan eg rett og slett ikkje vente til ferien skal begynne, og det som dei fleste meina med ferie det er somar jobb, så etter ca ei veke på jobb har eg begynt å telle ned dagane til den "normale" kvardagen på skulen begynne....det heile er i grunnen bare ein "narre-sirkel", der eg trur det skal bli så mykje betre i den andre tilværelsen vekk frå det ein til vanleg drive med, som feks skule.... Jaja saue e dumme dyr, så eg skjønna korfor menneske blir samanlikna med saue i blant....
Har no forresten testa ut massage stole på jobben i dag, og har funne ut at eg har mykje meir vondt i ryggen no enn kva eg hadde før eg satt meg i stolen, ettersom minutta gjekk vart stolen meir og meir hardhendt med ryggen min, først trudde eg det at eg var stiv eller nåke sånn, men eg har no konkludert med at stolen og ofte massage-folka får oss til å tru at vi er spente i ryggen, siden dei knar og grafsa fingrane langt inn i ryggen heilt til nervane seie "AU", med andre ord så blir ein lurt til å tru at ein har vondt i ryggen slik at man skal benytte seg av massage tjenesta oftare...(No høyrtes eg skikkelig streng ut)...no kjenst det ut som om det er nokon som drive å knar på ryggen min enda, føla ut som eg sitte i en båt...hmm trur eg skal droppe dinna massage stolen i måra. ..

Ingen kommentarer: