måndag 27. august 2007

Kattalope


I natt så våkna eg i full panikk..du store mi tid kor det hagla på tak-vindauget mitt! Eg vurderte nesten å flytte senga i frykt for at vindauget skulle sprekke!! Men fekk no etterkvart tvingt meg sjølv til å sove etter litt kommunikasjon med "tha Boss". Ein anna ting som er skikkelig irriterande er at det pleier å være ganske så litt under middels temperatur her om dagane, men om natta, då stige temperaturen og når sitt maks i 3 tida, då må eg sprelle av meg dyna, og ligge heilt stille sånn at ikkje katten angripe tåsane mine.Så pleie eg å vokne litt seinare av at eg e iskald, og da er dyna blitt så kald at eg nesten vurdera å berre ligge uten...off det er eit mareritt å ta på seg ei kald dyne! Berre det å orke å legge seg flat i senga på vinteren kan ta opp til 5 minutt. Det er vel derfor eg alltid er så trøytt på vinteren , det tar jo ein evighet å få lagt seg til i senga...blablabla...eg kan hvertfall ikkje ta opp vinduet, for da kan katten hoppe ut og klatre inn eit anna vindu som står åpent.
Har vore på trening i dag og rodd 5000 meter, og det resulterte i 3 vannblemme inni handa...det kjennst ut som om eg har surra gaffa tape rundt knoklane mine, så gale e det. I måra kjem det sikkert til å sjå ut som om eg dyrka plomme inni handa mi..off dei blir no berre større å større...
Ellers så har eg funne ut at katten min e vegetarianar, eller nesten då, eller egentlig ikkje, men han e utrulig glad i frukt. Her en dag når eg kom heim frå skulen hadde han gått laus på eit eple som eg hadde liggande på bordet..så mens eg sto i dusjen en dag hadde han kasta seg laus på melonen, type cantalope, som eg liksom skulle kose meg med etterpå...lorte katt!
'Apropo katt, så kom eg på ein ting som skjedde i sommar. Eg var nettopp begynt på jobb då ei gråtkvalt Mirjam ringte til meg.."Marita, Paazan har fanga ei måke!!" Ojoj nei no ligge den der å pinast tenkte eg, men måka den var død den konstanterte Mirjam. Det ho var bekymra for var at Paazan skulle få fugleinfluensa! Hihihi lille søte Mirjam!

Ingen kommentarer: