onsdag 27. februar 2008

Smake sin eigen medisin


Etter å kanskje ha gjort litt narra av ein kamerat som var sjuk, vart eg altså sjuk sjølv. Eg tenkte at ”no fekk eg smake min eigen medisin”. Men kass ordtak er vel eigentlig det? Å smake sin eigen medisin?
For det første må eg seie at eg ikkje lagar medisin, og om eg hadde gjort det så hadde eg i allefall ikkje turt å smake på den sjølv, og eg trur ikkje eg hadde turt å fått andre til å smake på den heller!
Og medisin, tja, det er vel eigentlig ein positiv ting, om det blir administrert på riktig måte. Så kvifor får ein smake sin eigen medisin når ein har sagt for eksempel haha du er sjuk, så blir ein det sjølv? Då har ein i allefall ikkje tatt medisin. Hadde eg tatt medisin, som i ditta tilfellet ville vore influensa vaksina sida det dreide seg om influensa, så hadde eg neppe blitt sjuk, kvifor vart eg då sjuk? Eg fekk jo smake min eigen medisin, influensavaksina. Nei, eg skjønnar ingenting.
Eg fekk smake min eigen medisin – rett og slett, på ein veldig rar måte, og medisinen resulterte i at eg vart sjuk.

2 kommentarer:

Hilsen Bodil F.T. sa...

Ha ha ha, du er sannelig litt av en filosof... eller kanskje en fililog....?

Mar!ta sa...

He he:) Ja, eg må nok seie meg enig i ka du seie:) Har du nokre ordtak-råd, så berre sleng det hit, så skal eg analysere det :) hehe