søndag 2. mars 2008

Til alle dei som går på toalettet


Altså, ikkje misforstå overskrifta eg har laga. No kan det faktisk hende du trur ditta innlegget her ikkje gjelde deg siden du aldri har gått på toalettet før(altså kræsja i det, gått på det liksom). Men overskrifta meina eg til deg som av og til må gjere litt forskjellige saker medan du sit på do. Altså, for å sei det på ein anna enklare måte, så er det vel somregel ein grunn til at du går inn på toalettet, eller kanskje du bare kjeda deg og skulle sjå deg i speglen om det såg ut som om du kjeda deg. Nei og nei, no rota eg meg for masse inn i overskrifta. Jaja for å komme til poenget så må eg bruke orda bæsj og tiss. Til alle som må bæsje og tisse ein gong i blant.
Om du ikkje er klar over det så er det mange mange menneske her i verden som ikkje vaska seg på henda etter toalett besøk. Kanskje ein av grunnane er at det rett og slett ikkje er tilgang på vask der, fordi at doen kan faktisk være ein isboks midt ute i sahara der ein ikkje sløsar med vatnet og ikkje har tilgang på vatn (kven er det forresten som tek med seg ein isboks til Sahara då??!!Åhh no fekk eg faktisk ein glimrande ide! Folk er jo så bekymra for om isen skal smelte, vatnet vil stige, land vil bli oversvømt osv osv , men kva med å dumpe isen i sahara sånn at den kan gjere slik at ein kan dyrke ting og tang der og slikt? Ja faktisk talt kan det hende at det blir tang der også om det blir så masse vatn at det blir ein sjø der, som faktisk blir salt fordi det er der tanga gror...Og då blir det meir mat til dyra, og dyra kan etast av menneske, dvs ein minke i fattigdomen…Eg e SÅÅ klok. No tenker du kanskje at nei det går jo ikkje fordi sola er for sterk, men då kan ein bare finne på nåke lurt, no har eg funne på noko lurt, no kan kanskje du finne ut resten av den planen her?).Men om vi tar utgangspunkt i eit norsk ”vanlig standard” toalett er det ein eller anna form for vask der (pissoaret tel ikkje som ein vask gutta boys). Om du nåkken gong har vore på toalettet og tanken har slått deg ”hmm, eg trur ikkje eg gidde å vaske henda, for eg er jo ikkje blitt nåke spesielt skitten på henda”- Så vil eg du skal tenke deg litt betre om. Det er alltids nokon som har vore på toalettet før deg, og før du kom så tappa dei ned etter seg (det håpa eg virkelig). Dvs dei tok på dinna tappe ned tingen. Så kjeme du og skal droppe å vaske deg på henda, fordi du ikkje vart noko skitten. Nei fysj, E-Coli all over the place!!!
Bare husk å vask deg på henda du lille venn, så går det nok bra skal du sjå!

Ingen kommentarer: