måndag 24. mars 2008

Sol, snø og snowboard


Meg, Siwa og ”Torkis” bestemte oss for å reise opp på fjellet og praktisere våre snowboardskills. Himmelen var blå, og sola skinte. Vi køyrte innover mot Stordalen, men snudde då vi såg dei mørke grå skyene bortigjennom der borte på himmelen ein plass, så då fauk vi med ferja over fjorden og oppover mot Strandafjellet. Då vi var kome fram kunne vi ikkje unngå å legge merke til at det ikkje var meir enn to bilar på parkeringsplassen, og det var ikkje nåkken folk oppe i trekket, for det sto jo stille, alt som bevegde seg var tre sånne beltemaskiner, som eg forresten trur heite snøtrakkemaskin eller noko slikt. Etter litt endelaus latter frå meg, fant vi ut at det ikkje var så gale alikavel, for litt lenger ned og inn ein dal, var det no eit trekk til, så då for vi dit. Då vi køyrte inn på parkeringsplassen kunne vi ikkje unngå å legge merke til at det berre var 3 bilar der, inkludert vår, og at det ikkje var nokon i trekket, for det var jo stengt. Klokka var no blitt 6. I godt mot gjekk vi oppover bakkane, spente på oss brettet og rente ned igjen, for så å gjenta det heile X- antall gongar. Heilt til vi var så slitne at det ikkje funka å gå i meir oppover bakke den dagen…
Men, det var ein fin tur, med masse frisk luft, latter og trim!

3 kommentarer:

Anonym sa...

utrolig fint det derre snowboardet ditt altså!! kan du å stå på det nå da?

Mar!ta sa...

takk takk du lille gode puddingen min:)
Eg har stått på snowboard for 6.gang på mandag som var, men eg trur eg lære ganske fort, for det går ganske bra:) du skal få prøve det ein gang:)

Anonym sa...

jippi!!!!:P