laurdag 8. mars 2008

Holmavatn


Eg må ærlig innrømme at eg var litt skeptisk når vi kom til Holmavatn. Det var kjempe flott der, fine rom, og faktisk god kveldsmat også. Men somregel er det slik at det er enten eller på leirplassar. God mat – dårlige rom. Flotte rom – dårlig mat. Men dinna gongen her viste det seg at det ikkje var eit enten eller, her fekk vi i pose og sekk, maten var kjempe god, og romma var veldig flotte. Faktisk så var det ikkje berre det at maten var god, men vi fekk mat heile tida! Faktisk så skulle ein tru at vi ikkje skulle rekke å bli svoltne før det neste måltidet, men mat heile dagen, det sette fart på forbrenninga – så eg synes det var litt flaut når det var måltid igjen, for eg var like svolten heile tida. I løpet av dagane var det utrulig interessante ”workshops” / seminar, og gode møter, samtidig som det var masse flotte folk der! Virkelig ei helg som var til oppbygging og til motivasjon for vidare arbeid. Eg kan vel heller ikkje skryte på meg at vi fekk så masse søvn, la oss seint, og sto opp tidlig - du veit, vi kan jo ikkje gå glipp av noko:) Pluss at vi brukte dei sjansane vi fekk til å sove littegrann.

Ingen kommentarer: