torsdag 6. mars 2008

On the road again to Stavanger


Ja, då legge vi skuta mot Stavanger, eg, Gunhild og Eivind. Skal på NLM ledarkonferanse, så ditta her blir bra saker. Turen starta på torsdags morgon kl 0830. Ja, faktisk talt så var eg vakna, trass i at pakkinga til turen ikkje starta før over midnatt. Så hadde vi ein liten stopp på Åse, då vi måtte vente litt på den siste tredjedelen som skulle være med
Turen gjekk fort nedover vestlandet, og ferjene gjekk i frå sunnmørsk ”what ever”- look, til Rogaland og Hordaland sine ”wow”-look ferje. Turen var fylt med”heil-labb og halv-labb” leiken, så du kan vel forstå at vi var framme på ein to tre…nesten. Under turen fekk Eivind tilslengt kommentara som”du kjøra som et svin”, mens kommentarane til meg vart ”du kjøre som ein mann”, kva no enn det måtte bety…Men uansett om vi kjørte som eit svin eller som ein mann (to side av same sak??), kom vi oss til Sola der vi skulle plukke opp ”direktøren”. Plutselig kom eg på at eg ikkje kunne føle nåken ting, og eg fekk akutt trong for å reise meg og gå littegrann. Etter ein halv times køyring, som faktisk nesten kjentes lengre enn heile kjøre turen, kom vi oss fram til Holmavatn, der vi skulle være. Etter å ha ledd litt for masse, og blitt flaue over vårt eige lydnivå, fant vi jentene ut at vi skulle legge oss. Men så ser vi at vi har ei dyne for lite, våre kreative – overtrøytte idea førte oss til gutane sitt rom, der vi fekk tatt ei dyne, og bytta ut ei dyne som vi ikkje orka å legge dynetrekk på. Vi syns litt synd på guta boys etterpå, så vi dekorerte den senga som mangla dyne med handkle, såpe og ein to-tre plastkoppar. Så sov vi godt resten av den natta.

Ingen kommentarer: