torsdag 20. mars 2008

Ein hund!!


Etter jul har mamma og pappa tenkt på å kjøpe hund til lillesøstra mi. Ho har alltid ønska seg hund, og no fant visst das Eltern ut at dei skulle overraske ho med ein hund. Lillesøs hadde ingen peiling kan som venta ho når ho kom heim då eg dro ho med meg opp på skulen for å sparke fotball i all snøen. Store søs hadde tatt med seg ein kvalp heim frå Oslo, og komt heim utan at lille søs var klar over det. Etter gode 40 minutt med aking på eit øydelagt akebrett, og i kjempe kald snø og våt bukse, kunne vi komme heim, hunden hadde roa seg.
Eg måtte prøve å finne ein måte å få ho inn i huset på utan at hundespora utenfor skulle vise, så då fant eg ut at vi skulle leike blindebukk heim, og ho måtte selfølgelig være den som ikkje skulle sjå nåke.
Når vi var komt innom dørene heime sa eg at vi hadde laga til ein gjetteleik til ho, ho måtte kjenne på noko oppi to pappesker, og gjette kva som var der. I den første eksa var katten, og ho tippa rett, i den andre kassa var det masse rart mamma hadde pressa nedi, og den siste tingen ho skulle gjette seg fram til kva var, var hunden. Ho trudde det var katten først. Men når ho tok av seg bandet rundt auga lyste heile andletet hennar opp. ”Åååå det er en hund!!”, joda det stemmer det lille søs. Men veit du kven den er sin? ”Nei”. Det er….din!!! Og ja, du kan no ta ein kikk på bildet kordan ho lyste opp…utrulig kjekt å sjå nåken andre så glad…ta å kjøp ein hund til nåken du og! He he

Ingen kommentarer: