onsdag 19. mars 2008

Eit opprop mot påskeharen - som ikkje eksistera


Påska er komen, og ferien har begynt, ja då er det alltids behov for litt hjelp i heimetjenesten. Eg tok på meg ein sånn smænsi frakk som vi pleie å ha på oss og kasta meg inn i den alt for gule bilen og farta både hit og dit og faktisk fram og tilbake. SÅ kom eg til å tenke på at eg hadde tatt på meg gul frakk. Eg såg jo ut som påske kvinna. Jaja gul bil, og inni er det enda meir gult. Følte meg litt flau der eg for fartande fram og tilbake. Såg nesten planlagt ut, Marita, prøva desperat å sjå ut som ein påskekylling, ved å ta på seg alle gule tinga ho kan finne, og ikkje nok med det tar ho den gule bilen. Dessutan fekk eg så masse twist og appelsine at eg følte meg litt som påskeharen…som visst nok skal legge egg rundt om kring. Kva er vel eigentlig ditta der med at haren skal legge egg? Hadde det ikkje vore betre med ei høne, ei måke, eller rett og slett ein struts, skilpadde eller ein krokodille?? Alle veit jo det at haren ikkje kan legge egg. Slik vranglære vil vi ikkje ha noko av!!! Dessutan om du ser ein hare som drive å legge egg rundt om kring, så anbefala eg deg å gjere følgjande tre ting:
  •  Lusk deg nærme haren og dra av maska, det finnas ikkje hara som legge egg
  • Lusk deg eit godt stykke bak haren, om du mista han ut av syne så følgje du spora tilbake til der haren oppheld alle egga med snop inni, så kan du bli mett og god. Når du er mett og god tar du å finne haren og drar av maska på den og ser kven som har prøvd å lure deg til å tru at haren legge egg.
  • Ring til Se&Hør- 10.000 kroners tipset! Det finnast ikkje hare som legge egg – dvs veldig god betaling
Det var det. No har eg ikkje meir å sei om haren som legge egg som ikkje eksistera.

2 kommentarer:

Hilsen Bodil F.T. sa...

Takk for tipset :)

Mar!ta sa...

Bare hyggelig å få dele det med deg:)