torsdag 13. mars 2008

On the road again - to Trondheim


Torsdagen var atter ein gong komen til Ålesund, og den dagen var den dagen då eg og Maria skulle farte til Trondheim for å besøke Astrid. I dag, var faktisk dagen då undervisninga for kull 2005 slutta. Berre praksis og eksamen igjen, så er vi ferdige Turen starta mot Trondheim, og på dinna turen her hadde vi satt oss eit mål, å finne ut av problemstillinga: kan hesten spy? Vi kjørte og plutselig ser vi ein kvit arabar og to folk, vi måtte finne ein plass vi kunne snu på, for dissa folka såg ut til å ha peiling på problemstillinga vår.
Faktisk talt, så viste det seg det at hesten faktisk ikkje kan spy!! Det var det vi trudde, men kvifor den ikkje kunne spy visste dei ikkje…det blir vel det eg må finne ut av på neste tur tenke eg…
Vi kom oss fram til Trondheim etter ein tur der vi greidde å kjøre gjennom ein dyr bom som vi eigentlig ikkje skulle kjøre igjennom, noko vi fant ut 40 minutt etterpå…hurra for dårlig skilting (eller kanskje helst heftige bil-leikar som tar vekk fokuset frå skilta som dingla langs vegbana…), men han mannen i luka var snill og slapp oss gratis igjennom den andre gongen…når vi kom fram til Trondheim var det duka for kveldsmat med Astrid-egg og masse anna god mat

Ingen kommentarer: