søndag 9. mars 2008

On the road again - back to Ålesund


Etter 3 flott daga var tida komen for å farte tilbake til den nasonale byen Ålesund. Før turen starta så måtte eg ta ei oppdatering på kven eg hadde helst på under helga, for å seie hade til dei. Men eg hadde glømt alt, kven eg hadde helst på, korleis dei såg ut – ja alt! Bortsett frå at eg helste på ei som heitte Marita og var sjukepleiestudent på andre året. Eg og Gunhild gjorde vårt beste for å finne ut grunnen til at vi ikkje hugsa nokre av ansikta – joda, det var fordi alle var blitt så forandra i ansikta grunna for lite søvn. Mens vi – vi hadde vore så trøtte heile tida at dei andre kjente oss igjen.
Dessutan greidde eg no å seie mykje rart når det var ein viss mangel på søvn…”eg studera olje”, og som du sikker veit så er olje og sjukepleie to rake motsetninga…dessutan glømte eg kva ”tunell -ordet” var, så eg sa heller ”underjordisk bru”…jaja
På turen opp igjen vart det masse fres, ja bokstavlig talt. Overtrøytte som vi var, song vi, ord leikar, og masse luftige sprell. Kom heim til Ålesund kl 0210, og kan nok innrømme at eg sov snabla godt den natta!

Ingen kommentarer: