fredag 14. mars 2008

Trondheim


Sightsing i Trondheim er verdt å få med seg, i allefall når Astrid er guiden, joda her fekk vi både sjå og oppleve masse spennende. Vi for ein tur i Nidaros domen – ei utrulig vakker kyrkje, men med masse katolske snurra, så for vi opp i eit tårn som eg heile tida gløyme kva heiter, men i allefall eit tårn som drive å snurra rundt. Der åt vi lunsj og kosa oss, når vi skulle gå der ifrå så mått vi selfølgelig ta med oss ein heliumballong. Sjølv om eg avskyr ballonga, ja eg kan nesten faktisk talt sei at eg er redd ballonga, så er det greitt når dei ikkje fær å slenge på bakken, men faktisk helde seg på avstand, ein veldig bra ting er vind, i alle fall når det er motvind. For å spreie litt glede (og fordi vi ikkje ville ha ballongen inn i bilen) hadde vi den på utsida av bilen, mange rare blikk, medan tre store smil vart sendt i retur.
kvelden vart avslutta med nasjonal retten til jentene: taco. VI hadde ein fantastisk kveld saman, og når tida var alt for masse, gjekk vi å la oss. Klare for ein ny dag med tull og fanterier.

Ingen kommentarer: