torsdag 20. mars 2008

Ein kvit dag


Dagen e onsdag, ein dag som er heilt fri for alt står for tur. Deilig å være heime i Innvik igjen! SJølv om eg har sagt ”ja” til å jobbe litt i ferien, gjer det meg ingenting, når eg er i Innvik er det ferie uansett om eg jobbar eller ikkje, dessutan er det alltid så kjekt å sjå igjen folka frå tidligare besøk.
Det har snødd ein del i Innvik over natta, og då var det tid for å gå å leike seg ute i snøen, med andre ord kan det seiast at det er bra eg har ei lille søster slik at eg sleppe å drive å leike ute aleine:) Dessutan ser det litt betre ut å ha eit følgje på 11 år, enn å være 21 år og bakse i snøen aleine…også er det jo ikkje kjekt å drive å lage snøengla aleine...
Vi begynte prosjektet ”lage 3 snømanna”. Det gjekk sakte med sikkert, og vi fekk både den eine og den andre ferdig, så var heile plenen på framsida av huset trakka opp, og ein snømann gjensto. VI skulle bare fikse litt på den andre mannen vi hadde laga, men då datt det berre masse av snø av den, så den vart litt tynn, men det er bra å ha tynn hals fant vi ut…dessutan orka vi ikkje tanken på å rulle tre store ”snøkule”til, så da fant lillesøs ut at vi kunne lage ein katt. Og ja, resultatet vart utrulig bra. Resultatet vart følgande: 1 stk miss Maryland Snowflake, 1 stk Kalle Slank Halsmageregion og katten deira; Kvitebust.

1 kommentar:

Mirjam og hunden Tanja sa...

ja, men den detrre katten skulle jo først vere en baby da, men det blei så spisse ører, så da blei det berre en katt