laurdag 29. mars 2008

Hambus


Du, har du nokon gong tenkt øve ka ein sånn der ting du sette ei varm gryte på for å beskytte underlaget mot å smelte, eller få merke?
Etter ein lang diskusjon mellom meg og Sissel fant vi ut at det ikkje heitte nåke. I rein frustrasjon oppsøkte vi Tilbords og spurte kva det heitte. Dama bak disken lo litt, før ho svarte "gryteunderlag". Nei, du store mi tid for eit vannvittig kjedelig ord. Det kan jo rett og slett ikkje heite det. Dessutan vart vi rimelig skuffa når vi fant ut at det var eit så "typisk" ord.
Seinare på kvelden når vi var på BKS, var det ein klok fyr som kunne fortelle oss kva det heitte, riktig nok hadde vi spurt mange før han, men her var mannen vi hadde leita etter. "Hambus" var ordet, eit ord som vart bestemt gjennom ein radio konkurranse for ca 7 år sidan. Så no veit du det.
Før dinna "undersøkelsen" vart satt i gong, har eg faktisk berre sagt:
"Kan du hente dinna tingen til å legge under gryta"
"Kan du hente dinna der..jah..åhh dinna tingen" - så peika eg på gryta eller bordet. Og folk forstår kva du meina. Eg har aldri sagt gryteunderlag, og håpa eg heller ikkje kjem til å gjere det. No er det revolusjon i landet, og navnet hambus skal innførast!

2 kommentarer:

Anonym sa...

hei... var det det du spurte meg om i telefonen den dagen?!

Mar!ta sa...

hihi ja det var det eg lurte på:) Eg spurte en gutt som hadde hørt at det heitte humbus på radioen:)