torsdag 7. februar 2008

Left overs


Dagen var torsdag, og etter å ha vore på Krik og etter ein kjøretur til Blindheim så var tida komen for å kome meg heim, og i seng. Når eg entra parkeringsplassen her, såg eg Paazan komme forsiktig gåande mot bilen. Åå så skjønn tenkte eg, løfta han opp og gjekk opp på hybelen.
Min eigentlige sans for å skjønne at noko var gale slo meg, men nei, eg var trøtt, den måtte spele meg eit puss! Når eg slapp Paazan ned på golvet, ja då skal eg love deg at eg fekk sjå puss! Nåken hadde klort Paazan, i auge!! Ahhh smerte!! Der sto han, såg opp på meg, med store ”det går bra” auge, men som sjukepleiar har eg lært meg å observere smerte, eg såg smerte – eg såg Paazan.
Eg kunne høyre bak i lilehjernen min at trist musikk blei spelt og lydbølgane blei sendt til øret og dets vidare kanal innover i hovudet. Paazan, min skjønne, stakkars. Med eit fant eg ut at det ikkje vart spelt trist musikk, eller – jo, på ein måte, det var den stakkarslige ”syns synd på meg” mjauinga. Og det gjorde eg, eg syns synd på han. Han var faktisk litt søt der han satt, med det eine auge lata igjen, hovent og raudt, og ein stor pelsdott som var rive vekk frå halsen han sin. Dotten min!
Ein tanke slo meg, det er alltid dei kattane som er oppklorte ein som regel syns er stygge og ekkle, men kven er det eigentlig som har gjort det mot dei? Kass katt er det som eigentlig er stygg, den stygge stygge eller den som er fin stygg? Frå no av skal eg være glad i alle oppklorte stygge kattar, og bestemme meg for at dei er fine… (!!!). Dei hannkattane som er fine, er sikkert dei som er sterkast, og dei som klora opp alle dei andre, dei som terrorisera andre katta, dei som får dei stygga kattane til å få skylda for den voldsomme mjauinga som foregår rundt eit kvart hushjørne, nei du, det er berre lurerier! Stygge fine hannkattar!
Eg fekk vaska han litt i auge, og kjente eg var litt irritert over at eg ikkje hadde skikkelig sjukehus utstyr her sånn at eg fekk gjort det skikkelig, og det vart ikkje så veldig masse betre når han skulle begynne å vakse seg, og slikke ditta der væske greiene i seg! Nei fysja meg din uhygieniske katt!
Håra som festa seg på den svarte genseren min syntes ikkje lenger å spele noko stor rolle, sjølv om genseren så og sei ikkje kunne definerast som svart meir, og dei utallige kattehåra som hadde festa seg i nasa mi, og fekk meg til å klø så masse at eg vurderte å klippe av nasa syntes heller ikkje å spele ei stor rolle, for saksa var sikkert like full i hår, det hjelpte heller ikkje å klø seg, for kattehåra sat som limt til handa mi...
At det forresten går an å miste så masse hår, og likevel ha så masse igjen? Nei eg skjønnar det ikkje. Fytti katta kor masse kattehår her er. Eg skjønnar ikkje, så masse som har drive å sleika på dinna pelsen sin, og likevel er det så masse ”left overs” til meg?

Ingen kommentarer: