søndag 24. februar 2008

SSM - sjuke, stakkarslige meg


Ånei, eg er sjuk. EG er skikkelig skikkelig sjuk – synes iallefall eg! Feber, tett nase, sår under nasa, tørr i halsen, hovudverk, og nåkre auge som kjennast utruleg tørre. Men i realiteten så ser det ut som om eg har grine skikkelige masse, for dei er ikkje tørre i det heile tatt. Typisk at eg skal bli sjuk når eg får besøk av lille søstra mi da!! På lørdagen skulle vi egentlig i svømmehallen. Men pga tilstanden i nasa mi fant eg ut at uansett kor masse klor det hadde vore i bassenget – ville det ikkje vore nok til å tatt knekken på det som kom til å havne i vatnet. I stadenfor baka vi. Vi baka masse! Brød, rundstykker og boller, ja du store mi tid, effektive søstre vil eg seie. Dessutan så fekk vi med oss S.O.S Svartskjær på kino, og ein liten middag på Egon med klassa mi. Og i dag, søndag, du store, eg var så trøytt, men eg kunne ikkje legge meg ned, for då fekk eg berre vondt i hovudet. Og paracet? Nei, eg tar ikkje tabletta. For all del, masse medisin er bra, men det er noko med dissa medisinane som byr meg i mot, sjølv om eg ikkje har noko i mot dei…nei off, nokre ting er vanskelig å forklare. No, no skal eg legge meg, skal bare bygge opp ryggen i senga litt først…jadda gleda meg til framføring på skulen i mårra!! Trur ikkje eg kjem til å bli tatt så veldig seriøst når eg har to stk papir bitar flagrande ut i frå nasa mi…menmen I’ll give it a try…

Ingen kommentarer: