tysdag 11. september 2007

Litt om meg, frå no og då


No skal du jammen få vite litt om kva slags vesen eg er:

- Det flauaste eg veit å kjøpe er dopapir
- Eg smilar alltid når det blir grønn mann, fordi eg syns det er så komisk når alle skal gå over vegen...(!!)
- Eg har skubba lillebror min ned frå ei køyeseng slik at han datt opp på ein ovn,slik at øyret nesten datt av., eg var vel 8 år og eg sa han datt ned...eg har enda ikkje sagt at eg skubba han ned...
- Eg har slått hål i haka ved å kræsje inn i eit gjerde med sykkelen min
- Noko av det værste eg veit, er når folk strekk seg!
- Eg måtte til rektor i 2 klasse, då eg hevda at ein gutt i klassen likte Litago
- Eg likar ikkje å tygge rosin eller erter, derfor svelg eg dei heile
- Eg greidde ikkje å svømme 25 meter på barneskulen
- Min største draum som liten var å bli som Geir Moen
- Min nest største draum var å bli den første kvinnelege spelaren på Liverpool
- Eg fekk meg katt då eg kjeda meg når eg sat heime og las til eksamen
- Eg har ete fiskegrateng til middag nesten kvar dag, eit heilt skuleår(2005-2006)
- Når eg var yngre gjekk eg og ei venninne å "demonstrerte"mot bilførara som kjøyrte på ein veg med masse larvar. På skilta stod det "kjøyr sakte, åmer i vegbana"
- Eg laug på eksamen, og sa at under 2.verdens krig i Innvik, kommuniserte innbyggarane med Jødane (som budde langt opp i fjellet i ei hole) med ku-bjeller. Damene hadde kubjellene rundt livet sitt... Eksamen var på våren 2005
- Eg og ei venninne har brukt unnskyldninga "nokon har døydd" for å komme oss ut av ein restaurant.
- Eg likar ikkje blåbær sidan eg åt så mykje eingogn og kasta opp
- Eg er ikkje så veldig glad i ananas sidan eg åt så mykje ein gong at eg kasta opp
- Eg har ete 8 sneglar..eg orka ikkje tygge dei, så eg svelgte dei rett ned
- Eg har fått ei fluge inn i nasa mi, og fekk den ut gjennom munnen dagen etterpå
- Eg gjorde det dårlig på matteprøvene mine med vilje, slik at læraren skulle få meir arbeid med å rette dei!
- Eg har drept ein kylling i senga mi, då eg rulla over den og knakk nakken på den...off kor forferdelig

Ingen kommentarer: