torsdag 27. september 2007

Smerte


Dinna morgenen her har vore svært smertefull, type enorm svie i augene mine! Faktisk så smertefull at eg lura på å stappe nåken paracet inn på kvart auge! Men siden augene mine e so hovne frå før av, tvila eg sterkt på at det vil funke! Faktisk so gale at det ser ut som om eg har pressa ein banan under kvart auge, i tillegg til å ha pressa ein over auge..banantrynet Marita!!
Så e det vel typisk at timeplanen e endra når vi har kjempa for å komme oss til skulen 0815, og vi eigentlig ikkje begynne før 0915!! Arrrgh!! Så vi satt en gjeng i kantina og lo ut litt overtrøytthet...no, no e eg bare for trøtt til å le!!
No sitte vi her, skulelysa, på bakerste rad, og har lap-toppane oppe og lata som om vi skrive notata frå det læraren seie..jaffal gjer eg det ved å gløtte opp på læraren, nikke litt, skjerpe augene sånn at dei blir mindre : type "skeptisk look" før eg notera litt til på nettopp bloggen...no orka eg ikkje skrive meir...når eg bruka fingrane til å skrive fær blodet meir perifert..eg trenge blodet og alt O2-et til hjernen og augene.....ZZzzzZZzzz

Ingen kommentarer: