tysdag 18. september 2007

Melk eller blyfri??


Eg kan rett og slett ikkje sjønne kor eg har dinna apetitten min frå!! Eg ete og ete, men mett - nei det blir eg sjelden...hverfall om eg skal ete brød! Når eg ete attmed folk, så kan eg bli mett på nokre få skiver, men når eg ete aleine, åh du store mi tid kor eg pressa i meg...i dag har eg ete eit heilt brød på 2 måltid...eller 1 av skivene åt eg utenom...eg trur det er makrellen i tomaten som gjer at eg ikkje blir mett! mmmm det beste pålegget ein kan få, er knust, hakka makrell i tomat, som egentlig ser ganske motbydelig ut, spy kanskje? Men sånn er det eigentlig med anna pålegg eg likar og...eg blir aldri mett! Kanskje eg skulle satsa på å kjøpe pålegg eg ikkje likar for å spare pengar på brød? Og for ikkje å snakke om alle boksane med makrell eg må kjøpe i løpet av ei veke...eller ein dag for den slags skyld når eg ete ein boks på 3 skiver, og om det går eit heilt brød på under ein dag!! Når eg ete makrell i tomat, då er jo eit sjølvsagt tilbehør eit stort glas (helst 1 liters glas, som eg ikkje har) med melk!! Og då drikke eg masse melk!!
Og melk er like dyrt som bensin, det vil sei, eg må nesten velge om eg vil eg vil drikke melk eller om eg vil kjøyre bil!! Studentane har ikkje råda til begge dela, hvertfall om mennesket sluka melk, og bilen bensin!Livet er vanskelig!!
Lura litt på om skal investere i ei ku? Eg drive no å smugla katten inn og ut, så korfor ikkje prøve med eit litt større prosjekt?! Kua e genial!!

Ingen kommentarer: