søndag 23. september 2007

Eple

I dag var Hilde Kristin her i Ålesund, så eg fekk henge med ho litt før turen gjekk vidare til Vestnes. Fekk til og med lokka ho til å bli med til hybelen min fordi eg såg ein diger kveps her før eg for inn til brødrene mine tidligare på dagen. Men neida ingen kveps å finne, så eg rekna med at eg vokna av at eg svelge den i natt, eller at eg greie å få den inn i nasa mi eller ett eller anna i den duren (det skjedde med ei fluge ein gong, eg fekk den ikkje ut før dagen etterpå då eg kjente eg hadde ein klump i halsen). Så stakk eg ut igjen og endte opp på Misjonssalen ein tur, satt der og spelte Ligretto og vant heile greia med 1 poeng i godt samarbeid med Sigmund:)Hurra for oss!!
Når eg kom heim til hybelen igjen, joda, då låg det eple og appelsin utover heile golvet. Eg kunne rett og slett ikkje sjønne ka som hadde skjedd, var det skjedde eit jordskjelv med utslag 7,9 på richters skala eller noko? Når eg såg katten springe over golvet etter eit trillande eple så skjønte eg heile greia. Seriøst, ditta har katten gjort for å irritere, vippe ned kvart einaste eple på gulvet sånn at alle blir bulkete...dritt..Han skal alltid grise med maten, og rote til sånn at eg får ekstra masse å gjere...jaja så har eg no fått vaska her skikkelig i dag, og henta plantane mine:)

Ingen kommentarer: