søndag 23. september 2007

Fjelltur


Spreke Marita Runde og spreke Hege Kvalheim bestemte oss for å gå på fjelltur no i dinna veka her, så då falt valget på fjellet på Alnes, som eg rett og slett ikkje huska om det heite Giske - eller Godøyfjellet...jaja et fjell var det no hvertfall. Dagane før vi skulle på tur hadde det regna so og seie heile tida, men det slutta faktisk å regne når vi begynte å gå..eit par dråpa spela inga rolle. Vi snakka med ei dame frå Alnes som sa det tok 30 minutt å gå opp...tja vi brukte 1,5 time!! Men eg kan rett og slett ikkje sjønne kordan ho har greidd det på 30 min, ho må no ha juksa på ein eller anna måte! Etter å ha ledd masse av Hege som gjekk forran meg og snubla på kvart 7 skritt, og trakka i myre eller søledamma på kvart 5 skritt, kom vi oss omsider opp på den toppen vi skulle nå:) Det var iskaldt, med masse vind. Så gjekk vi litt ned frå høgda for å finne ein lun plass å ete frosne bolla og varm kakao. Etter å ha ete ei stund, og pirka vekk fleire kilo med snerk frå kakaoen begynte det å regne, piss regne, hølj regne, styrt regne - ja kall det kva du vil, men det regna nåkke voldsomt! Kakaoen vart kald, og den vart så uttynna av regnvatn at det rett og slett ikkje vart mulig å danne seg snerk på, fingrane var stive som greinene på ei furu, kledene begynte å ta til seg vatn, siden dråpane datt ned frå himmelen i ei so stor fart at dei bårte seg inn i fibra i kleda...men men vi kom oss både fram og tilbake og hadde ei utrulig koselig tur:)

Ingen kommentarer: