måndag 17. september 2007

Middag - ein planleggingsfase


Nei, ditta her kjem til å bli eit elendig innlegg siden eg sitte å synge og digga musikk samtidig som eg skal skrive...det er faktisk ikkje bare mannfolk som ikkje greie å gjere to ting på ein gong, eg er hvertfall i den samme kategorien, dei andre fell under kategorien "vidunder menneske" trur eg.
Når vi er inne på det å greie å gjer to ting på ein gong så kan eg no nevne det at eg skulle lage meg ein sunn og god middag i går. Då vart valget: lettsalta torsk, kokte poteter, grønnsaker og kvit saus og purre selfølgelig. Om du er god i matte så finne du ut at ditta her kreve 4 kokeplate (for deg som ikkje er flink i matte treng eg fortsatt 4 (=fire) kokeplater). På det lille hybel kjøkkenet mitt har eg bare 2 plater, så dinna middagen her krevde faktisk ein voldsom planleggings fase. Først måtte eg sette potetene på, for dei koka eg alltid forlite. Så fant eg ut at eg skulle koke sausen, så kunne eg bare varme den i full fart seinare, så skulle eg la fisken trekke ikkje koke ei stund, og tilslutt varme grønsakene, og deretter kaste purren oppi sausen. Åhh blei no varm av å tenke så masse, men eg satte i gang og fyrte opp guffa på platene.
Potetene, joda 3 gigantiske poteter måtte eg no ha siden eg var SÅ sulten, og sausen, den stod no og kokte ei stund før eg plutselig kom på at eg måtte røre i den...forseint, den var svidd- då meina eg totally svidd altså i botnen av kasserolla! Det såg nesten ut som om om eg hadde prøvd å koke tikkoman (svart kina mat saus). Så måtte eg til å måle opp ingrediensane igjen...mens potetene kokte...så prøvde eg igjen. Dinna gongen så gjekk det betre, sausen vart ferdig, så roterte eg på kasserollene og satt fisken på. Den vart fort ferdig, så då var det berre å varme sausen på nytt og varme opp grønsakene.
Mmmm så vart det mat på meg i dag og, ein 4 kasserollers middag faktisk, ikkje værst Marita! sjølv om potetene var kjempe harde å dele, og at eg hadde laga ALT for masse, så vart det eit bra måltid!!
På samme tid så skjønna eg kvifor mange studenta leve på nudlar og grandiosa (som eg for min egen del må brette i to for å få inn i "steikeovene" som ser ut som ein mikrobølgeovn)og med tanke på oppvasken...det blir så masse oppvask tilslutt at du lura på om du må begynne å plassere det på golvet, for benken blir jo full av ein gaffel og ein tallerken! I love student livet!!
bildet:eg har vaska kasserolla, men får ikkje vekk resten!! No skin den jo nesten...

Ingen kommentarer: