søndag 23. september 2007

$€$€$$€

Ditta her har vore ein koselig dag:)I 11-tida for turen ut på Emblem med brørne mine. Det varte til 13 trur eg, så for vi heim til Jø(jon Øyvind) og Kj(etil) og fekk tatt på oss fotballkleda våra, for klokka 13.30 var det duka fotball på Herd-bana. Vi var faktisk ganske mange i dag, så vi måtte forflytte oss til grusbana, noko eg syns er utrulig bra siden eg foretrekke å spele fotball på grus:) Faktisk så imponerte eg vettet av meg sjølv i dag med å score 2 mål!! Wow liksom:) Når klokka vart 15 så for vi heim til Jø og Kj. Så vart det ein fort dusj før eg for inn til Grete på ettermiddags kaffi besøk! Skikkelig koselig:) Når klokka vart 1830 for vi ned på Ålesund Bedehus ein tur, så etter det så stakk eg heim...var heime kl 2115 og følte meg utrulig trøytt og sliten...men tja det er vel kanskje ikkje så veldig rart det når eg rett og slett har hatt det så kjekt og har hatt så mange ting å vore med på at eg har gløymt at eg var svolten! Til kveldsmat har eg derfor kompensert for all den maten eg har gått glipp av heile dagen, så no skal eg fortelle deg at Marita Runde er mett...skikkelig fullstappa i megen mett...faktisk så mett at eg ikkje greie å være våken lenger...dessuten er det skikkelig irriterande at € og $ knappen er der dei er, for eg trykka på dei heile tida!!!

Ingen kommentarer: