måndag 10. september 2007

Krokodille tåra


I dag, var den første dagen på leeenge at eg har sett på tv, og eg føla eg ikkje har gått glipp av ein einaste ting, utrulig bra måte og ikkje kaste vekk tida på med å ikkje ha tv på hybelen!! Men eg fant meg eit program om ei jente som hadde blitt forelska i ein tysk soldat, Hugo, under den 2.verdenskrigen. Det var kommentert av ho dama, som heitte Gladys, sånn at det heile blei veldig virkelig, og lett å leve seg inn i. Liksom litt sånn forbudt kjærlighets historie.
Det var heilt vannvittig kor eg levde meg inn i filmen, eg kjente klumpen i halsen vokse, og tårene pressa på...måtte skru av lyden på tv for å ikkje bli grine meg i hjel, off flaut å nevne det, men eg har aldri grått så mykje framfor ein tv før!! Eg er berre glad for at Kjetil og Jon Øyvind var å "shoppa" bil dela, men eg trur dei skjønte litt kva som hadde skjedd då dei såg ansiktet med mascara "all over the place" når dei kom heim igjen! Hvertfall, eg følte ein utrulig tørste resten av dagen, og følte eg måtte drikke resten av dagen for å kompensere for væske tapet som hadde skjedd! Trukje eg skal sjå Titanic på ei stund nei, såg maltraktert nok ut forrige gang eg såg den...apropo Titanic, første gangen eg hadde med meg Maria og Astrid til lght på lynvisitt satt Hilde Kristin i sofaen med ryggen til...ho satt å såg på Titanic, ho snudde seg ikkje å helste på dei, og eg trudde ho var dritt sur eller nåke sånn siden ho virka så avvisande...Ei lita stund etterpå reiste Maria og Astrid, sikkert med følelsen av å være uvelkommen, så når eg hadde lata igjen døra snur HK seg, men mascara frå panna og ned på haka, hovne auge og gråtkvalt stemme...ho hadde ikkje tørt å snu seg då ho var redd dei skulle finne ut at ho satt å hylgrein til Titanic, aleine, midt på dagen! Genialt! Eg føla frykta di!

Ingen kommentarer: