søndag 30. september 2007

KRIK tur


Jaja ikkje så dumt å bli med på KRIK folkens! No i helga så reiste vi faktisk på tur opp på Embelmsfjellet, til Langevatnet, og overnatta i hengekøye!! Det var utrulig kjekt, og stemninga var på topp! Ingenting er som å flykte litt får den vanlige kvardagen, ta med seg sovepose og sitte oppe til langt på natta med bål, koselige folk, og hoste og harke, og tårene trilla av all røyken frå bålet:) Ja, for ikkje å nevne den nystekte nydelige Ørreten, og "popcorn" rogna, som eg egentlig ikkje syns var så veldig god! Været var supert, berre littegrann regn men det tok presenninga i mot, på kvelden vart det stjerneklart og fullmåne!
Om natta så var det drita kaldt, så eg våkna i full panikk og trudde at nyrene mine hadde fryst til is! Men det hadde dei ikkje...Hurra for det! Eg var faktisk den første som sto opp...ville få med meg soloppgangen, sprang med den rosa fleece buksa mi oppover skævven, med nistepakka og makrell i tomat tuba på slep...fekk tatt nåkken bilde, men så skya det til...Jaja fekk no vertfall varmen i meg, og fekk ete nistepakka mi i fred og ro, og fikk konsa litt på den nye dagen:)
John hadde bursdag, så eg og Grete laga til ein heftig bursdagsrap: "Yo, vi har laga eit bursdags bål til deg, dette handla ikkje ikkje om meg,
sjå kor fint og gildt det brenn, med dette vil vi gje deg ein bursdags klem!"
Konklusjon: ein utrulig bra tur! Eg har funne ut at eg er utrulig priviligert som har blitt kjent med dissa
flotte folka her!!

Ingen kommentarer: