måndag 24. september 2007

Jordan vet hvordan


I dag har eg kjøpt meg ein ny klut..ein "Parkettklut". Syns det er heilt fantastisk kor vidunderfull dinna kluten her er: "ekstra god oppsugingsevne, skånsom mot gulvet, glir lett på gulvet", ja du skjønna nok kvifor eg har kjøpt akkurat dinna kluten her:)Ditta her var ikkje berre eit kjøp av ein klut, men inkludert i prisen så sto det på pakken kordan du skal vri opp ein klut!!! Det er det ingen som klara uten å få ei skikkelig innføring: "Når du skal vri opp en klut: Brett og rull kluten til en pølse. Mer effekt uten å bruke mer krefter, får du om du holder rundt kluten med begge hender slik at innsiden av hendene perke oppover når du vrir. Men, dette er ikke så lett, så prøv deg frem". Alt eg har lært idag, fantastisk bra! Vi kan tydelig sjå at dei ikkje prøva å tvinge på deg ein vidunertittel sidan du har kjøpt nettopp dinna "Parkettkluten", men her innrømma dei at det er vanskelig å vri opp ei fille, sjølv om du har "Parkettkluten". Så står det litt om buksområder: "Egner seg godt til daglig renhold av parkett og andre harde og flate gulv". Ja det er jammen bra at eg har eit hardt og flatt golv..Åhh dinna kluten her passa bare SÅ bra til meg! No føla eg meg utlært og klar til å vaske golvet!! Eg legge med ein link om DU vil lære meir om den fantastiske "Parkettkluten": http://www.jordan.no/sw1865.asp

Ingen kommentarer: