søndag 20. april 2008

Ulsthuset


Du herlige solskinns dag! Det har vore sooo utrulig deilig ute i dag. Eg og Gunhild tok oss ein svipp til Ulsthuset for henge og slenge med gutta boys. Etter å ha ete is på verandaen og blitt lurt til å lukte på ei skei med is, for så å få pressa all isen på skeia opp i nasa, fant vi ut at vi skulle være litt hjelpsomme og bidra med litt arbeidskraft på tomta. Tja, eg trur ikkje eg har heilt inne den riktige arbeidsteknikken, men eg fekk klypt opp dei røttene eg skulle, faktisk så saga vi ned 2 tre også, etter at vi hadde klatra heilt til tops :) Det er vel kanskje heller riktig å sei at Erlend var krafta, mens eg og Gunhildet vart arbeidet…ja det er vel heller riktig sånn:) Men vi hadde det no kjekt vi 3 :)
Etter ”dugnaden” var det klart for å grille litt. Eg pakka med meg litt laks og litt potete så var prosjekt å grille middag i gang. Eg og Gunhild mixa og matcha saman litt krydder og ting og tang, og jammen om det vart utrulig godt! Vi åt oss jammen gode og mette i dag og. Dessutan fekk vi kryssa av ein strek til på ”besøke Ulsthuset” veggen. Åhh eg lika Ulsthuset, skikkelig snasent hus! Olav – du er flink du!

Ingen kommentarer: