tysdag 15. april 2008

Munnbindet


15 april, dagen då stipendet kjem, det nest siste stipendet som eg får under sjukepleie utdanninga mi. Hurra, for snart å være ferdig utdanna på papiret!!

Dagen starta med at klokka ringte…og trøtt som eg var klarte eg å få pressa i meg frukost, komt meg på badet, og tilslutt kom eg meg på bussen som skulle frakte meg til sjukehuset på jobb. Kroppen kjenntes litt sånn rar ut i dag, men mest sannsynlig fordi eg var så utrulig trøtt.
På dagsplanen sto det oppført ein operasjon som eg kunne tenke meg å være med på. Vi forberedte pasienten og for i hu og hast bort til operasjonsstova. Eg fekk på meg sånn fancy snancy grønn dress, matchande sko, munnbind som lukta veldig rart og hette, og tilslutt ei slags kappe og halsbeskyttar som skulle beskytte mot røntgen strålar, faktisk litt tung (for dei som ikkje er like sterk som meg meinar eg).
Eg har vore med på operasjonar før, og sjølv om ditta her viste seg til å være eit lite inngrep i forhold til amputasjon, så skulle det gå veldig bra.

Operasjonssjukepleiaren begynte å desinfisere pasienten. Off for ei rar lukt inne i ditta munnbindet her. Og det ble hengt opp litt i.v væske som pasienten skulle få. Merkelig lukt ditta munnbindet hadde. Det blei dekka opp steril kledning rundt pasienten. Litt sånn småkvalmande lukt i ditta munnbindet her. Pasienten fikk lokalanestesi og etter ei lita stund kunne kirurgen innta plassen sin. Det er jo skikkelig varmt inne i dinna maska her. Kirurgen begynte å sprette opp brystet på pasienten, og alt gjekk fint for seg. Eg er litt varm eg. Så skulle det settast litt kontrast væske slik at ein fekk litt betre kontroll på blodårene. No luktar det ikkje så rart i ditta munnbindet meir, så er eg ikkje så varm heller. Men, du store mi tid kor rart eg tenkar då. Eg har ikkje tenkt noko så rart før, det er lenge sidan. Men eg veit ikkje heilt kva eg tenker på, men eg veit at eg tenker noko rart. Men det er godt å slappe av litt uansett. Eg lurar på korleis pasienten kjem til å ha det etter inngrepet. Eg er litt trøtt. Det er godt å ligge litt då. HÆ? Ligge? – Opne opp augene sine- Nei, ojj, ho dama likna på ho som var på operasjonsstua, vent litt det er jo ho!! Er eg på operasjonsstua no?? Ja, det er eg visst. Eg ligge jo på golvet. Korfor det? Skulle ikkje eg være med på dinna operasjonen her da? ”Går det bra? Klara du å reise deg opp, Marita?” Eg måtte tenke litt, ”Går det bra?Reise meg?” Selfølgelig har eg det bra, og eg klara no å reise meg. SÅ var det som om alle brikkane datt på plass. Marita Runde, født i 86 hadde besvimt. Eg vart fulgt ut på pauserommet og satt blant mange kirurgar og operasjonssjukepleiara. ”oj. Du er ganske bleik”. Heldigvis kunne eg bruke til unnskyldning at eg hadde besvimt, dei finne nok aldri ut at eg ikkje er så veldig brun til vanlig heller tidlig på våren :) Hurra for unnskyldningane!
koffer eg besvimte anar eg ikkje. Men etter mange kommentara på at eg såg blei ut, vel eg å konkluderar at besviminga skyldast mangel på D-vitamin(som kjem frå sola)!!

Ingen kommentarer: