fredag 1. august 2008

Kajakk turen


Etter ein lang og travel dag på jobb var det så kjekt å få melding om eg ville være med ut på kajakk tur. Kajakk har eg aldri befunne meg i før, så ditta her skulle bli særs spennande:)
Vi kjøyrte til Ulsteinvik der Anders hadde tatt ut 4 kajakka. Vi fekk litt lyninnføring i kordan pedalane fungerte og kordan vi i det heile tatt skulle greie å halde oss ombord i den lille smale, lang båten. I begynnelsen var det ta utrulig vaglande, og enda meir vaglande kjentes det ut at det vart når eg såg tusenvis av brennmaneta i vatnet. Etter å ha "kadla i pajakk" ei stund for vi i land på ei lita øy der vi grilla og bada. Tida for fort, og eg og Gunhild tenkte vi skulle være super super raske og padle frå gutta boys, og det greidde vi med det store forspranget som vi fekk.
Den fantastisk fine dagen vart avslutta på Kari Kaffi, etterfulgt av ein sein kveld heime hos Gunhild.
Eg lika kajakk og skal definitivt ut på kajakk tur igjen!

Ingen kommentarer: