torsdag 14. august 2008

Overnatting på "Lesten"


Dagvakta på sjukehuset var nettopp ferdig, og den neste vakta var ikkje før på fredagen, det betyr nesten 2 daga fri...så då bestemte eg og Gunhild oss for å fare på eit nytt eventyr.
Dinna gongen her fant vi ut at vi skulle overnatte på Godøya, nærmare bestemt i ei grotte ut mot havet. Eg pakka ned tinga som eg skulle ha med meg i ein bag(!) og det viste seg at eg hadde med meg mykje meir enn kva eg nokon gong skulle tru eg skulle få bruk for på grotte-overnattingstur. På Godøya fekk vi pakka med oss endå meir, og vi fant til og med ein DIGER sekk, type XXXL fjellsekk som vi pressa full med kjempetung ved, for vi måtte jo ha eit bål!
Det begynte å tordne ut, det lyna og det regna, alt tydde på at ditta her skulle bli ein kanon bra tur. Vi kjøyrte ut til "LUUUSI"-ruinane, og gjekk der i frå, allerede etter 20 meter fant vi ut at vi hadde pakka alt for masse med oss. Det skulle også vise seg at myggen var overbegeistra for å sjå oss, faktisk så masse at dei stelte i stand ein feste ¨på oss, koldtbord -som resulterte i mange myggstikk i ansiktet og på halsen.
Aldri før hadde eg gått så langt med ein så tung bag før, og det gjorde det heller ikkje betre at vi gjekk i støvlar på glatte berg. Dessutan hadde vi på oss dongeribukse, med vinterbukse utan på der igjen - vi var varme!

Grotta. Joda vi kom fram. Oppspiste, lav blodprosent. Vi fekk fyrt opp bålet, tent masse stearinlys, og laga til den fine liggeplassen vår. Så var det på tide å ete kveldsmat, og kva passa vel ikkje betre til kveldsmat enn reker, når vi sat og kikka ut mot havet? Klokka vart over midnatt, og vi sovna.
Tidlig neste morgen vakna eg at eg var blaut på beina, eg hadde lagt meg oppi ei lita elv, men men det gjorde ingenting, for no skulle vi ha skikkeli villmarksfrukost, men egga var vistt blitt knust, for plastikkposen var ikkje god nok beskyttelse i den overfulle bagen. Pannekakarøra ville rett og slett ikkje bli til ei pannekake, men siden vi hadde tatt med oss så masse, så hadde vi ganske mange alternativ å velje mellom. Klokka vart 1300 og vi traska avgarde mot den vanlige sivilisasjonen på Godøya. Vi hadde ein FANTASTISK tur, eg digga deg Gunhild'a mi!!

Ingen kommentarer: