laurdag 27. oktober 2007

Bad taste


Bad taste, åhh eg lika det ordet!! Og eg spara ikkje på mine kreative gåver når det gjeld slike ting! Off eg må vel innrømme det at eg var ganske så skeptisk til det å måtte gå ned trappa her i huset, tenk om eg møtte på folk! Off dei hadde no ramla over rekkverket på trappa og landa på brusautomaten og øydelagt den, sånn at reparasjonen hadde blitt over 30.000 kroner, og eg måtte betale den sida eg hadde skyld i heile episoden! Nei ditta her måtte eg prøve å unngå.
Men eg lura egentlig på kortid folk går ut og inn av ditta huset her, for det e ganske mange hyblar her, men eg trur berre eg har møtt på folk i trappa 6-7gonga på snart eit halvt år!!…hmm merkelig, eller kanskje dei berre vil unngå å ramle ned på brusautomaten?
Eg lura faktisk på kor lenge dinna oktoberfestival plakaten kjem til å henge i oppgangen, det har eg tenkt på kvar gang eg går forbi, også lura eg på kven som kjem til å sette opp den andre døra sånn at vi sleppe å late den opp når vi skal ut og inn…det er noko som irritera meg…men eg, eg har alltid for dårlig tid til å gjere det sjølv…kremt…jadda…og når eg går nedover trappa så legge eg alltid merke til alt støvet som er på toppen av eit ”sikringsskap” eller noko som likna på eit sikringsskap… for ikkje å snakke om alle håla som er i vegen, kanskje dei skulle vore fiksa? Eg som sikker har 17’ felga, om eg har nåkken tomma i det heile tatt då, begynne å bli bekymra for at dei kvite fæncy felgane mine skal bli øydelagde!! Dei knuste vindauga? ”skuddskadene” på veggane langs trappa, dei raude gamle malingsrestane på ”listene” i gongen. Huset ser ut som eit kråkereir, men faktisk talt så e det ganske greitt å bu her… bad taste på ein måte! Det er vel eigentlig eit tidsspørsmål før heile huset ramla ned på brusautomaten?

Ingen kommentarer: