laurdag 20. oktober 2007

Criminal minds

I dag hadde eg ein merkelig følelse på at noko kom til å skje...det heile starta med at eg vakna 15 minutt før eg skulle på jobb..eg fekk kasta nåkke vatn i ansiktet før eg sprang ned til bilen. Det var glatt ute, og selfølgelig hadde det lagt seg frost på bilen sånn at eg måtte skrape…ikkje berre eit lag med frost, men opptil 5 lag!! Typiske saker når ein har dårlig tid…når det var unnagjort var det masse dogg inne i bilen, eg hadde ikkje tida til å vente på at den skulle fare vekk, så eg fauk av garde, med eit lite kikk-hull i doggen…det skulle eg aldri ha gjort…når eg kom til meny i hatlesvingen, merka eg eit smell i bilen, eg trudde eg hadde kjørt oppå fortaus kanten, og fortsatte å kjøre…når eg kom eit lite stykke vidare møtte eg på ein ambulanse i full fart og blå lys. Ikkje rart at det skjer ulukker på ditta føret her tenkte eg… Eg fekk parkert bilen og bytt om til sjukepleie drakta. Midt på vakta ringte tlfen min, det var politiet. Dei sa at eg måtte møte opp på politistasjonen i byen innan ein halv time, fordi dei måtte prat med meg ansikt til ansikt. Eg skjønte ingenting, men eg fekk avspasering for å finne ut av kva politiet meinte, eg kjente eg vart litt redd, hadde noko skjedd med familien??
Eg kom meg inn til byen på politistasjonen. Då forklarte dei meg at eg var sikta for å ha kjøyrt på ei gammal dame, og køyrt ifrå kvinna med alvorige skader. Ditta her grensa mot uaktsomt drap, ikkje berre kunne det bli fengsel, men eg kunne og miste autorisasjonen min som sjukepleiar. Eg nekta, eg skjønte ingenting av kva dei meinte, ditta her måtte være feil!! Dei sa dei gjerne ville undersøke bilen min, heilt greitt det, kva kunne dei finne liksom? Eg vart med ut, og til mi store overrasking var bilen bulka, det var noko rødt søl på bilen, masse kvite hår …det heile gjekk opp for meg…det var nok ikkje berre fortaus kanten eg hadde køyrt på om morgonen…det var den gamle dama!! Politiet tok handjern på meg, og førte meg inn på glattcella. Eg fekk ringt til ein advokat som lovde å sjå nærare på saken, og eg fekk ringt heim til mamma. Tenk, at eg hadde køyrt på ei dame, og tilstanden hennar var kritisk!! Nei da eg bare tulla…ingenting av det du har lest no har vore sant…eg bare kjeda meg så!!

Ingen kommentarer: