måndag 8. oktober 2007

"Farfar-sovestilling"

Hmm eg kan liksom ikkje skjønne kvifor eg var så trøytt i dag, for eg la meg kl 21 i går, og sovna ca 22! Menmen sånn går no dagane...fekk no kava meg på skulen og komt meg på ei obligatorisk forelesning...obligatorisk - eit ord som får deg til å kjenne deg ekstra trøytt, og som får deg til å ville droppe skulen. Rare saker, og selfølgelig tenkte eg på ordet obligatorisk under alle 6 timane med forelesning…dvs utbyttet var nok ikkje noko særleg… dessutan lurar eg på kor mange gongar lufta inne på Åse har blitt pusta inn og ut av mine medstudenta, før eg gjorde det same med lufta, før nokre andre tok over den lufta igjen osv. Faktisk talt trur eg det var så mykje CO2 i klasserommet at om nokon hadde funne på å skulle sprenge ei atombombe der inne, ville resultatet blitt som ein defekt kinaputt i ei postkasse – ingen effekt med andre ord! Heldt faktisk på å sovne eit par gongar, men tanken på at eg sikkert hadde sovna i ”farfar”stilling holdt meg vaken. (Farfar stilling: hodet vippar frå side til side, mens munnen er open, som ein ekstra piff til farfar sove stillinga kan vi legge på litt spytt som renne ut av munnen. Med andre ord ikkje så veldig egna om du har ete sjokolade som får fram den seige konsistensen i spyttet…må liksom begynne å ”spagetti” suge inn sjokoladespyttet etter på). Etter kvart som dagen nærma seg slutten fant eit par av karane i klasse ut at dei kunne ha det svært morosamt med ei bonaqua flaske, blåse luft i ansiktet på kvarandre, og inn i øyra mine, ingenting er som ein frisk dusj med luft og vassdråpar!! Har rett og slett fått god tid til å tenke på kva eg skulle skrive på bloggen i dag…eg hadde mange bra tanka, men no e dei vekke...
Dersom du er ein KRIK’ar eller ikkje, så skal du vite at vi spela fotball i ballbingen der med Rådhuset/Hials ein plass, torsdag frå 18-20. Vi møte opp utanfor gymsalen kl 18. Blir det eit svinevær så stikke vi kanskje på bowling muligens etterfulgt av ein tur på Pepps Pizza.Ta deg ein tur då vel!!

Ingen kommentarer: